«Kunnskap for framtida»

Miljøterapi i demensomsorga

- eit nytt studietilbod ved Høgskulen i Volda

Omsorgstenestene i kommunane står overfor store utfordringar i arbeidet med å legge til rette miljøtiltak for det einskilde mennesket. Personale med kunnskap og innsikt er ein føresetnad dersom ein skal lukkast. "Å gi god omsorg forutsetter at man bygger på enkeltmenneskets historie for å få kunnskap om hva som gir mening og livsinnhold for den enkelte" (Helse- og omsorgsdepartementet 2007, Demensplan 2015).

Vidareutdanninga Miljøterapi i demensomsorga, 15 stp, er utvikla i eit samarbeid mellom ”Sjustjerna omsorg” (kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven) og Høgskulen i Volda. Studiet skal bidra til å auke kompetansen i kommunikasjon og miljøterapeutiske prinsipp, primært i arbeidet med personar med demens.

Dei første 22 studentane vart uteksaminert i juni 2009. Eit kull med 26 studentar skal ha avsluttande eksamen vår 2010. Dersom det melder seg nok søkjarar, vil eit nytt kull bli starta også haust 2010. Det blir i tillegg  arbeidd med ei tilbod om påbygging med 15 nye studiepoeng innan same fagfelt.

Mål med utdanninga

Målet med studiet er å styrke den pedagogiske og kommunikative kompetansen til personar som jobbar i demensomsorga med tanke på å setje i verk miljøterapeutiske tiltak på dagavdelingar, i omsorgsbustadar og i institusjon.

Studieavgift

Kommunane kan søkje Fylkesmannen i Møre og Romsdal om stønad til å finansiere studiet. Ein føresetnad er at kommuneplanen inneheld kompetanseheving innan fagfeltet demensomsorg. Studieavgifta er for tida kr.15 000,- pr. student. Studiet går over to semester. Semesteravgifta, om lag kr. 700, kjem i tillegg.

NB! Det er kommunane, og ikkje den einskilde person, som vender seg til Fylkesmannen i Møre og Romsdal med søknad om å få dekka utgiftene.  

Meir informasjon kan du få ved å ta kontakt med fagansvarleg Anne-Sofie Egset eller studiekoordinator Gerd Skjong.

Fagansvarleg: Anne-Sofie Egset
T: 70 07 50 13
M: 971 69 915
E: annesofie.egset@hivolda.no

Studiekoordinator: Gerd Skjong
T: 70 07 50 64
M: 906 79 400
E: gerdsk@hivolda.no