«Kunnskap for framtida»

Kurs og kompetanse

Samfunnet er i stadig endring, og arbeidslivet blir i aukande grad stilt overfor nye kompetansekrav. Kompetanseheving er avgjerande for å kunne møte utfordringane i ein krevjande kvardag.

Livslang læring har derfor blitt ei sentral målsetting for høgre utdanning.

Høgskulen i Volda har sett fokus på ulike profesjonar sine kompetansebehov og har tilrettelagt fleire utdanningar som gjer det mogleg  å kombinere jobb og utdanning. I denne samanheng skil vi mellom vidareutdanning og etterutdanning.

Vidareutdanning gir formell kompetanse med studiepoeng og eksamen, oversikt over vidareutdanningstilboda finn du på nettsida www.hivolda.no/studietilbod .

Etterutdanning er kurs som gir  fagleg oppdatering og gjerne ny motivasjon i arbeidet. 

Vi jobbar med å lage eigne kompetansekatalogar der vi presenterer etterutdanning som er spesielt retta mot ulike profesjonsgrupper. Førebels kan vi presentere: