«Kunnskap for framtida»

Kurstilbod og utviklingsarbeid i skulen

Som lærarutdanningsinstitusjon har Høgskulen i Volda eit ansvar for å tilby fagleg oppdatering for dei som har arbeidet sitt i skulen. I dette heftet vil vi gi informasjon om etterutdanningstilbod som vi håper har interesse. Tilboda må sjåast som forslag, og av erfaring veit vi at dei mest vellukka kursa er resultat av eit nært samarbeid mellom oppdragsgivar (praksisfelt) og tilbydar (fagmiljø ved HVO).

Målet er å skape endring i praksis – skal vi lukkast med det, er vårt utgangspunkt at etterutdanninga må

  • vere praksisnær 
  • gå over tid
  • gi rom for refleksjon og utprøving


Mogleg modell

Etterutdanninga blir organisert med samlingar og arbeid mellom samlingar. Samlingane skal innehalde fagleg innspel og oppgåver til utprøving i eigen praksis. Erfaring ein gjer seg med utprøving, delast på neste samling.

I tillegg tilbyr vi kortare kurs til dømes dagskurs og halvdagskurs. Høgskulen arrangerer også med jamne mellomrom opne kurs der einskildlærarar kan melde seg på. Desse vert annonsert i lokalpressa og på heimesidene våre.

Vi er stolte av å kunne tilby eit breitt og relevant etterutdanningstilbod –ta kontakt,  vi høyrer gjerne frå deg.


Dei fleste av tilboda våre er å finne i kompetansekatalogen under

 


Drama og teater

 

Forteljing og høgtlesing

Gjennom kurset/utviklingsarbeidet vil deltakarane få både teoretisk og praktisk kunnskap i å lage fagdidaktiske opplegg som vil utvikle den narrative kompetansen til elevane, og bidra i lese og skriveopplæringa.

Deltakarane vil også utvikle sin kompetanse både som forteljarar, og som formidlarar av kunnskap i skulekvardagen.

Omfang

Utviklingsarbeid, men kan også takast som 6+6+6 timar

Fagansvarlig

Førstelektor i drama og teater Sigrun Meisingset

Drama som metode for læring

Utviklingsarbeidet vil ha fokus på fagdidaktiske læringsprosessar i skulen, knytt til ulike fag.

Deltakarane vil lære å utvikle undervisningsopplegg som vil fremje utviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene hos elevane: å kunne uttrykke seg munnleg, å kunne uttrykke seg skriftleg, å kunne lese og å kunne rekne.

Omfang

Utviklingsarbeid

Fagansvarlig

Høgskulelektor i drama og teater Vibeke Preus Bech

Individuell tilrettelegging og estetiske læringsprosessar

Kurset/utviklingsarbeidet vil gi deltakarane både teoretisk og praktisk kunnskap i å arbeide med estetiske uttrykksformer, som skyggeteater og dramatisering.

Gjennom å arbeide med estetiske læreprosessar blir kvar elev møtt på sitt ståstad og får bidra ut i frå sine føresetnader, og gjennom arbeidet saman med andre vil eleven sitt læringspotensiale auke.

Omfang

Utviklingsarbeid

Fagansvarlig

Førstelektor i drama og teater Sigrun Meisingset
Høgskulelektor i drama og teater Vibeke Preus Bech

>> Tilbake til katalogindex


Engelsk

Tilboda i engesk kan setjast saman av ulike verkstadar alt etter kva tema som er av interesse. Ein verkstad er ei økt på to til fire timar med praktiske øvingar som grunnlag for fagleg diskusjon knytt til eit særskild tema. Det kan leggast opp til etterarbeid etter/mellom samlingane, og talet på samlingar er valfritt. Vi meiner at tilbod som går over fleire samlingar gjev best effekt.

Døme på kurs og verkstadar

  • Den gode engelsklæraren
  • Engelsk i 1 – 4 klasse
  • Grunnleggande ferdigheiter i engelskundervisninga
  • Leikar i språkundervisninga
  • Språkutvikling
  • Utvikling av ordforråd
  • Uttale og flyt
  • Å undervise i uttale
  • Å undervise i grammatikk
  • Bruk av litteratur i engelskundervisninga
  • Vurdering

>> Tilbake til katalogindex 


Idrett og friluftsliv

Vi kan skreddarsy kurs og etterutdanningstilbod i idrett og friluftsliv med både kort og lang varigheit.

Friluftsliv i skulen

Friluftsliv er i Kunnskapsløftet trekt fram som svært sentralt.

Det vert aktuelt å fokusere på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i å jobbe med barn og ungdom i naturen, med utgangspunkt i kompetansemåla (Kunnskapsløftet).

Samlingane bør i stor grad innebere praktisk friluftsliv.

Døme på didaktiske/faglege tema:

  • Kunnskapar og ferdigheiter knytt til å ferdast i naturen (til ulike årstider)
  • Bruk av nærmiljøet
  • Uteskule
  • Utviklingsarbeid av skulens uteområde
  • Matlaging på tur
  • Bruk av kart og kompass/GPS
  • Trygg ferdsel
  • Førstehjelp
  • Fleirkulturelle perspektiv

Andre tema kan utviklast etter ønske.

Kroppsøving og auka fysisk aktivitet i skulekvardagen (5.-7. trinn)

Fysisk aktivitet har fått ein stadig større plass i skulekvardagen og er eit prioritert satsingsområde for utdannings- og helsesektoren.

Jamfør ny føreskrift om rett og plikt til fysisk aktivitet i grunnskulen med verknad frå 1. august 2009. Skulen er i særstilling i forhold til at den når alle barn og unge, slik at ein kan motivere dei til eit fysisk aktivt liv.

Etterutdanninga kan fungere som idébank i kroppsøving, samt gi forslag til korleis møte kravet om auka fysisk aktivitet i skulekvardagen på 5.-7. trinn.

Eksempel på aktuelle tema (kan planleggast i samarbeid med høgskulen)

  • Leik
  • koordinasjon
  • basistrening
  • dans
  • salaktivitetar
  • ballaktivitet/ballsidigheit
  • friluftsliv
  • uteskule
  • symjing
  • livberging
  • førstehjelp
  • aktivitetsdagar
  • orientering
  • skileik
  • tilpassa opplæring
  • fleirkulturelt perspektiv
  • kjønn
  • aktivitet og livsstil
  • aktivitetar i ulike rørslemiljø til ulike årstider

Andre tema vil kunne utviklast etter ønske.

Kroppsøving i grunnskulen

Døme på ulike faglege/didaktiske tema vi kan tilby:

  • Idébank i kroppsøving (med utgangspunkt i Kunnskapsløftet).
  • Grunnleggjande rørsler i varierte miljø
  • Helse og livsstil.
  • Zytme, songleikar og dans
  • Friluftsliv
  • HLR
  • Livbergande førstehjelp i vatn.
  • Bruk av IKT i kroppsøvingsfaget.
  • Fysisk aktivitet, livsstil og helse (for barn og ungdom).
  • Vurdering i kroppsøving.
  • Undervisning og kjønn
  • Tilpassa opplæring.
  • Fleirkurturelle perspektiv

Andre tema kan utviklast etter ønske.

Elevvurdering i kroppsøving

Dette kurset rettar seg mot kroppsøvingslærarar på ungdomstrinnet (8.-10. trinn).

Målet med vidareutdanningstilbodet er å vidareutvikle kroppsøvingslæraren sin kompetanse og forståing for vurdering som reiskap for læring.

Sentrale hovudtema (opplegg kan planleggast i samarbeid meg høgskulen):

  • Kunnskapsløftet.
  • Nye føreskrifter knytt til elevvurdering i kroppsøving.
  • Uformell og formell vurdering.
  • Målrelatert vurdering.
  • Undervegsvurdering.
  • Ulike former for dokumentasjon i elevvurdering.
  • Reflektere og vurdere over eigen vurderingspraksis
  • Vidareutvikling av eigen vurderingspraksis

For meir informasjon om våre studietilbod sjå www.hivolda.no/idrettogfriluftsliv

>> Tilbake til katalogindex


IKT

I Kunnskapsløftet er digital kompetanse løfta fram som ein av dei fem basisferdigheitene elevane skal tileigne seg.

Vi har utvikla kurs for å integrere bruk av digitale verktøy på ein naturleg måte i opplegga som lærarane utarbeider. I staden for å starte med verktøykurs innafor IKT og så diskutere korleis dette kan nyttast i læringsarbeidet, startar vi med opplegg som lærarane skal gjennomføra.

Vi diskuterer om bruk av digitale verktøy kan forsterke eller ha noko å tilføre opplegga som lærarteama arbeider med. Dette vert gjort i samarbeid med og under rettleiing av fagperson frå høgskulen.

IKT inn i læringsarbeidet

  • Møte mellom leiinga ved skulen og fagperson frå høgskulen
  • Oppstartsamling: Førelesing for heile kollegiet, 2 eller 3 timar, etterfølgt av gruppearbeid 3 timar
  • Utarbeiding av opplegg, gruppearbeid ved skulen. Rettleiing 1 el 2 gonger. (Korleis bruke IKT i opplegget?)
  • Gjennomføring av opplegga med elevane
  • Oppsummering internt på skulen
  • Avslutning, presentasjon av 2 (eller 3) opplegg, deling av erfaringar
  • Møte mellom leiinga ved skulen og fagperson frå høgskulen, evaluering av prosessen

Omfang

Samla timebruk fagperson: 25 – 30 timar. (Dette avheng av talet på grupper.) Opplegget vil ha eit tidsspenn på om lag 3 månader.

>> Tilbake til katalogindex


Mat/matkultur og helse

I skulen har lærarar i mat- og helsefaget fått nye utfordringar i Kunnskapsløftet, ikkje minst med auka krav til teori og fagkunnskap. Dei tilsette må kvar dag kunne ta stilling til måltid, kosthald, opplevingar og læring knytt opp mot mat. Vi ønskjer primært å utvikle kurstilboda i samråd med oppdragsgivar fordi tema, omfang og deltakargruppe (tal på deltakarar, fagbakgrunn, årssteg o.a.) vil kunne variere ut frå lokale tilhøve.

Vi ønskjer at innhaldet i kursa skal kunne implementerast i eigen skule/barnehage under rettleiing frå høgskulen, og rår difor til opplegg over lengre tid med didaktisk refleksjon og gjerne mellomarbeid (praktisk utprøving, utviklingsarbeid). Vi kan og tilby korte kurs dersom det er ønskjeleg.

Døme på tema

  • Helse og ernæring
  • Mat og måltid i skule og barnehage
  • Eksperimentering med mat, tverrfaglege opplegg der mat og helse er del
  • Læreplanarbeid
  • Mat utandørs og i naturen

Andre tema kan utviklast etter ønske, og vi bidreg gjerne med forslag dersom oppdragsgivar er usikker på kva tema som er best eigna for ei gitt gruppe lærarar/tilsette.

Omfang og stad

Etterutdanningstilboda kan vere i form av korte kurs eller opplegg med fleire samlingar over lengre tid etter oppdragsgivar sine ønskje. Stad for kurset avtalast men vil kunne avhenge av tema, behov for utstyr og lokalitetar.

>> Tilbake til katalogindex


Matematikk

«All matematikk som undervises i grunnskolen er GRUNNLEGGENDE FERDIGHTER i matematikk. Det er matematikk som ALLE har fordeler av å forstå, beherske, og kunne bruke aktivt.» (Matematikksenteret)

Sitatet viser at matematikk er viktig, og det er også noko alle i skulesystemet veit. Desto viktigare vert det at lærarar som underviser matematikk har gode kunnskapar om både det reint matematikkfaglege og korleis ein skal undervise matematikk. Alle våre matematikkurs legg vekt på båe delar, i tillegg til at vi legg vekt på at matematikk er eit aktivt og kreativt fag.

Døme på tema

  • Talteori: posisjonssystem, desimaltal, talforståing, misoppfatningar
  • Tal: Naturlege tal, heile tal, negative tal og rekning med slike tal
  • Tal: Brøk, prosent og desimaltal
  • Måling: Geometri, måling, lengde, areal og volum, avbildingar
  • Statistikk: Ulike diagram, mål for sentrum og mål for spreiing i eit datasett
  • Sannsynsrekning
  • Algebra, likningar og funksjonar
  • Bruk av rekneark
  • Geogebra – dynamisk geometri
  • Geogebra – dynamisk algebra / funksjonar
  • Å rekne i alle fag
  • Matematikkurs for foreldre
  • Andre tema kan utviklast etter ønske

Omfang og stad

Omfang og stad kan tilpassast etter ønske, vi kan tilby alt frå ei enkeltsamling til eit større utviklingsarbeid over tid. Vi anbefalar at det vert lagt opp til arbeid mellom samlingane. Vi kan skreddarsy kurs i matematikk til dei fleste behov.

>> Tilbake til katalogindex


Musikk

Vi lagar opera!

Praktisk kurs for lærar i grunnskulen og kulturskule i ”Write an Opera”-konseptet. Dette er eit tverrfagleg skapande prosjekt som utviklar barn sine evner til å skape, sjå nye samanhengar, samarbeide, ha tillit til eigne idear og kunne utvikle desse vidare. I tillegg er prosjektet ei øving i demokratiske prosessar og eit praktisk møte med media og marknadsføringsverda. Gjennom praktiske oppgåver vil kursdeltakarane få eit innblikk i kjernen i denne metodikken: det å lage ein eigen opera i lag, frå grunnen.

Omfang

2 dagars kurs

Korleis arbeide med samspel / musisering i grunnskulen

Praktisk kurs for musikklærarar/lærarar med fokus på musisering og tilrettelegging av populærmusikk / improvisasjonsmusikk for ungdomstrinnet / mellomtrinnet. Her får læraren sjølv vere deltakande i aktiv musisering med andre, og vi ser på ulike måtar å legge til rette for / organisere samspel med dei aktuelle målgruppene. Det er ikkje naudsynt med store ferdigheiter på instrument.

Omfang

Kurset går over to samlingar, kvar på 6 timar, med mellomliggande arbeidsoppgåver.

Digital kompetanse i musikkfaget

I dette kurset ser vi på dataprogrammet Sibelius. Dette er eit noteskrivingsprogram som er blitt eit viktig verktøy for mange musikkarbeidarar. Ein tek føre seg dei grunnleggande funksjonane i programmet med mål om å beherske disse på ein tilfredstillande måte. Vi ser m.a. på korleis vi kan lage vårt eige akkompagnement og øvingsfiler til elevane.

Omfang

Kurset går over to samlingar, kvar på 6 timar, med mellomliggande arbeidsoppgåver.

Musikkterapi

Innføringskurs for lærarar, helsearbeidarar og andre interesserte. Om musikkterapi i eit idéhistorisk perspektiv. Utbreiing av fagfeltet musikkterapi i dag. Målgrupper for musikkterapi. Musikkterapeutiske modellar, metodar og teknikkar. Kva særpregar norsk musikkterapi. Det vil vere naturlig at ein del av kurset er praktisk retta med aktivitetar og diskusjonar som deltakarane er med i.

Omfang

Kurset går over to samlingar, kvar på 6 timar, med mellomliggande arbeidsoppgåver.

>> Tilbake til katalogindex


Naturfag

Ei sentral utfordring for lærarar og skular er å leggje til rette for ei naturfagundervisning som har ei god balanse mellom praktisk arbeid, opplevingar og fagkunnskap.

Gjennom våre kurstilbod ønskjer vi å hjelpe lærarar til å gi ei praktisk retta naturfagundervisning samstundes som fagkunnskap og teori ikkje vert gløymd. Tilboda kan t.d. settast saman av verkstadar på 2-4 timar med praktiske øvingar som grunnlag for ein fagleg diskusjon knytt til eit særskild tema. For større grupper kan det organiserast parallelle sesjonar der deltakarane melder seg på tema/verkstad etter eige val.

Døme på tema

  • «Trollkrem, skum og proteiner»
  • «Trekkfugler og fuglesang»
  • «”Tante, kan du sjå gjennom veggen?” - fysikk for dei små»
  • «Livet i elver og bekker»
  • «Kvardagsfysikk: Datalogging av fart og akselerasjon»
  • «Elektronikk: Vi lagar elektronisk sensor»
  • «Kokegrop - tverrfaglig opplegg i den naturlige skolesekken»
  • «Utviklingslæren - hovedtrekk og betydning»
  • «Optikk – lysbryting og laserlys»
  • «Ein himmel full av fargar…»
  • «Lag ditt eget kjemishow, …og noen didaktiske problemstillinger i den forbindelse»
  • «Troll kan temjast - Elektrisitet og magnetisme»

Andre verkstadar kan utviklast etter ønske, og vi bidreg gjerne med forslag dersom oppdragsgivar er usikker på kva tema som er best eigna for ei gitt gruppe lærarar.

Omfang og stad

Omfang tilpassast oppdragsgivar sine ønskje, frå korte kurs til langsiktige utviklingsarbeid på eigen skule.

Stad for kurset må avtalast og vil avhenge av tema, behov for utstyr og lokalitetar. Vi rår til at det leggast opp til etterarbeid/rettleiing etter eller mellom samlingar.

>> Tilbake til katalogindex


Norsk

Leseopplæring frå 5. til 10. trinn

Kurset tek utgangspunkt i Læreplan for Kunnskapsløftet (LK06). Aktuelle tema for kurset er lesing som grunnleggjande dugleik og lesing i alle fag.

I tillegg vil kursdeltakarane delta i valfrie verkstader med fordjuping i emne som biletboka, lese- og skriveopplæring i praksis, leseforståing og lesestrategiar og lesestimulering.

Målet med kurset er at kursdeltakarane skal få kjennskap til korleis ein kan arbeide med lesing i tråd med læreplanen, og i tillegg få praktisk erfaring med å tilpasse leseopplæringa i skulen.

Omfang

Det er lagt opp til tre samlingar på 3-4 timar og arbeid mellom samlingane. Deltakarane på kurset må ha fokus på lesing i eiga undervising og skal prøve ut undervisningsopplegg med fokus på lesing i 5. - 10. klasse. Vidare føreset kurset at deltakarane aktivt deler erfaringar og diskuterer utfordringar med kvarandre.

Kursansvarlege

Lisa Vedde Fiskerstrand (høgskulelektor) og Wenke Mork Rogne (stipendiat), Høgskulen i Volda

Bildeboka som samansett tekst

Kurset tek utgangspunkt i Læreplan for Kunnskapsløftet (LK06), og stiller spørsmålet: Kva må vi som lærarar kunne om bildeboka for å oppfylle krava i læreplanen? Aktuelle tema på kurset er:

  • Bildebokanalyse
  • Korleis kan vi arbeide med bildeboka som samansett tekst?
  • Den litterære samtalen
  • Bildeboka og det postmoderne; kva med vanskelege tema?
  • Kvalitetsvurdering
  • Korleis arbeider du med samansette tekstar og digitale verktøy?
  • Bildebokverkstad


Omfang

Kurset er tenkt å gå over to samlingar. I mellomperioden arbeider ein med bildeboka i klasserommet.

Kursansvarleg

Ingjerd Traavik (høgskulelektor), Høgskulen i Volda

Læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar (LK06)

Kurset tek utgangspunkt i den nye Læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar (LK06) og kartleggingsverktøyet, Språkkompetanse i grunnleggjande norsk, som er utarbeida i samband med den nye læreplanen. Planen i grunnleggjande norsk skal bidra til at minoritetsspråklege elevar får utvikla norskspråkleg dugleik på eit nivå som gjer dei i stand til å kunne følgje den vanlege undervisinga på norsk.

Målet med kurset er at kursdeltakarane skal få kjennskap til korleis ein kan arbeide med den nye læreplanen, og dessutan få praktisk erfaring med kartleggingsverktøyet. Kursdeltakarane vil dermed få auka kompetanse i korleis ein kan tilpasse norskopplæringa til språklege minoritetar.

Omfang

Kurset går over tre samlingar à 3-4 timar og inneheld arbeid mellom samlingane. Ein føresetnad for kursdeltaking er at kursdeltakarane prøver ut kartleggingsverktøyet i eigne elevgrupper mellom kursdagane. På dei to siste samlingane vert det lagt vekt på at kursdeltakarane deltek aktivt med å dele erfaringar og at dei diskuterer utfordringar med kvarandre.

Kurshaldar

Birgitte Fondevik Grimstad (høgskulelektor i norsk som andrespråk), Høgskulen i Volda

>> Tilbake til katalogindex


Religion, livssyn og etikk

Bildekunst og bildebruk i RLE

Den estetiske dimensjonen er vektlagt i LK06. Og estetikk er ikkje minst relevant i RLE-faget som føreset at elevane skal arbeide med bildekunst og bildetolking på alle trinn.

Å tolke religiøse bilde og symbol er ein del av lesekompetansen i RLE. Kurset gir eit historisk oversyn over europeisk bildekunst, og den austlege tradisjonen med ikonmaleri vil vere inkludert i dette. Ein vil òg ta for seg bildekunst i dei andre ”RLE-religionane”.

Intensjonen er å gi kjennskap til sentrale verk, og korleis ein kan arbeide med bildekunst i RLE- undervisninga.

Omfang

Kurset kan gjennomførast som foredrag over om lag 3 timar. Men ein kan og setje saman eit tilbod med 2-3 samlingar der ein prøver ut undervisning med vekt på bildebruk mellom samlingane.

Vurdering og munnleg eksamen i RLE

Vurderingsforskriftene gir tydelege føringar på at det er elevens kompetanse i faget som skal leggast til grunn for standpunktkarakterar, og som òg skal prøvast til eksamen.

På kurset vil vi vise døme på korleis ein kan lage gode eksamensoppgåver som gir elevane høve til å vise fagleg kunnskap og refleksjonsevne så vel som kompetanse på formidling og kommunikasjon.

Kurset kan gjennomførast både som ei ettermiddags-samling og som eit tilbod med 2-3 samlingar med mellomarbeid.

Den filosofiske samtalen i klasseromet

Kurset gir ei innføring i den filosofiske samtalen som metode. Vi tek opp tema som arven frå Sokrates, formål med filosofisk samtale, kva emne som er eigna til samtale av denne typen, struktur og grad av lærarstyring. Det vert lagt vekt på praktiske øvingar

Med fleire religionar i klasseromet

Noreg er ein del av verda, og verda ein del av Noreg. Dette gjenspeglar seg i norske klasserom som i stadig større grad er prega av eit mangfald av kulturar og religionar. Som ein del av lærarane sin elevkunnskap er kjennskap til kultur og religion viktig. Ein slik kjennskap er relevant for alle lærarar i alle fag, den har betyding for heile skolekvardagen.

Kurset vil vere drøftande og praktisk retta. Særleg vil utfordringar knytt til den religiøse dimensjonen og kommunikasjon mellom kulturar bli vektlagt. Av religionane vil det vere eit ekstra fokus på islam.

For meir informasjon om tilboda våre, sjå www.hivolda.no/rle

Religion og livssyn på film

Film er eit medium som kanskje sterkare enn andre kan gje innsikt i nye problemstillingar, miljø og tema. Filmar vi har sett kan bety noko for korleis vi tenkjer om verda rundt oss og om oss sjølve.

Film er dermed godt eigna til bruk i RLE-faget. Kurset vil presentere eksempel på filmar som kan brukast i undervisning om ulike religionar og livssyn, og vi vil legge vekt på praktiske spørsmål rundt bruk av film i skulen.

>> Tilbake til katalogindex


Samfunnsfag

Bruk av kjelder i samfunnsfaget

Arbeid med kjelder står sentralt i samfunnsfaga. Dette vert også klart markert i læreplanen. Men korleis legge opp til undervisning der elevane gradvis vert kjende med ulike slag kjelder og får oppleve at dette både er spennande, utfordrande og lærerikt? Vekta vil ligge på praktiske øvingar med bruk av gjenstandar, munnlege og skriftlege kjelder.

Bruk av bilde i samfunnsfaget

Undervisninga i samfunnsfag har ein lang tradisjon med vekt på bruk av tekst. Korleis ta opp utfordringa som den voldsomme veksten av bilde og film skaper? Arbeid med bildeanalyse vil stå særleg sentralt. Korleis kan ein legge opp øvingar der elevar trenar seg i å kunne analysere og lese bilde av ulike slag og så få desse bilda til å fortelje.

Bruk av forteljing i samfunnsfaget

Nokre spørsmål som vil stå i fokus: Kvifor bør bruk av forteljing ha ein klar plass i undervisninga? Kva er det som pregar forteljinga som undervisningsmetode? Korleis finne fram til og legge til rette for bruk av forteljingar? Korleis lage sine eigne forteljingar?

Bruk av romanar i undervisninga

Kvifor kan bruk av romanar legge til rette for betre læring og forståing av samfunn, frå notid og fortid? Vurdering av romanar som kan høve til bruk i klasseromet. Korleis legge opp til slik undervisning?

>> Tilbake til katalogindex


Vurdering

Kunnskapsdepartementet har frå 1. august 2009 fastsett ny forskrift til opplæringslova om individuell vurdering i grunnopplæringa. Vurdering skal auke motivasjon og læring og regelverket er eit viktig verkty for å kunne få ei rettferdig og likeverdig vurdering både undervegs og til slutt.

Den nye forskrifta er utarbeidd på bakgrunn av dokumentert kunnskap om vurdering og læring. Forsking syner at ved å utvikle vurderingskulturen og vurderingspraksisen i grunnopplæringa, kan vi skape eit betre læringsmiljø. Vurdering som har læring som mål er difor eit viktig verkemiddel for å realisere Kunnskapsløftet si målsetjing om auka læringsutbytte for alle.

Høgskulen i Volda har tatt utfordringane med ei god og rettferdig vurdering for alle elevar på alvor og jobbar fleirfagleg med dette. Vi har satt saman ei gruppe, Vurderingsgruppa, som held seg oppdatert på nye føringar og nyare forsking innan emnet. Og vi har hausta gode erfaringar med etterutdanning av lærarar innan vurdering i fleire kommunar i Møre og Romsdal.

For meir informasjon sjå:www.hivolda.no/vurdering

>> Tilbake til katalogindex