«Kunnskap for framtida»

Kompetanse for kvalitet

Kunnskapsdepartementet held fram og trappar opp satsinga på vidareutdanning av lærarar i grunnopplæringa som blei starta i 2009. Tilbodet går både til lærarar som ønskjer å byggje vidare på ei utdanning og eventuelt la dette gå inn i ei mastergrad, og til dei som ønskjer ei grunnleggjande vidareutdanning. 

Oversikt over over fag som Høgskulen i Volda tilbyr i den nasjonale ordninga

  • Leseopplæring 5 - 10
    • Vidareutdanning på deltid for lærarar 
    • 30 studiepoeng over to semester
    • Leseopplæring 5 -10  kvalifiserer for å drive leseopplæring i alle fag frå 5. til 10. trinn i grunnskulen. Det er eit delmål at læraren skal kunne fungere som leserettleiar ved eigen skule. Studiet vil fokusere på både dei tekniske og dei kommunikative sidene ved lesing av skriftlege og samansette tekstar, og på kartlegging og tilpassa leseopplæring.
    • Studiet er modulbasert i to modular på 15 studiepoeng kvar, med avsluttande eksamen etter kvar modul.

NB: Lenke til godkjende studieplanar med detaljert informasjon om studiet og søknad blir lagt ut!

Midlar til vidareutdanning på andre fagområde

I tillegg til dei frikjøpte studieplassane med tilhøyrande vikarmidlar, får fylkesmannen midlar som kan tildelast skuleeigar til videreutdanning i andre fag og ved andre studiestader. Dette kan svare på lokale behov, dvs vidareutdanning som ikkje blir omfatta av dei nasjonalt frikjøpte studieplassane. Tildeling til vidareutdanning på andre fagområde føreset at skuleeigar sjølv skaffar studieplass.

Vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda som kan gå inn i ordninga etter søknad finn du på www.hivolda.no/vidare

Korleis søkje?

Les meir på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Videreutdanninga blir dekt av staten og er gratis for deg.

Om tilbudet

Tilbodet er utvikla med bakgrunn i Kompetanse for kvalitet – strategiplan for videreutdanning for lærere.

Formålet med planen er å styrkje læraren si faglige, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse gjennom vidareutdanning. Dette skal bidra til å auke eleven si læring og motivasjon. Strategien har som formål å styrke læreryrket sin status og tilliten til kvalitet i skolen.