«Kunnskap for framtida»

Vurdering i kunst og handverk

Kurspakke: 3 trinnskurs haust 2012 – vår 2013 .

Vurderingspraksis kan både hemme og fremje læring i skulen. Udanningsdirektoratet har som fokus  at vurdering kan brukast som ein reiskap for læring. Vurdering for læring er all vurdering som blir gitt undervegs i opplæringa og som bidrar til å fremje læringsprosessar.

Frå kompetansemål til praksis i verkstaden.

Treng du hjelp til å utvikle lokale læreplanar og didaktiske komponentar?
Korleis arbeide med vurdering i praktiske fag?
Korleis bruke vurdering som eit verkty til  motivasjon?

For: Lærarar i barne- og ungdomssteget
Kursansvarleg: Thorstein Vasset
Praktisk: Nærare info vil kome til kursdeltakarar

  • Trinn 1: Kursdag – plenum
    Måndag 12. november, Høgskulen i Volda.
    Vurdering for læring i kunst- og handverk. Tilbakemelding som fremmar læring.
    Forelesing og gruppearbeid.
    Oppretting av felles blogg for deling av planar og praksiserfaring.
  • Trinn 2: Mellomarbeid – gjennomføring ved lærar og elevar
    Desember 2012 – mars 2013
    Korleis utvikle og bruke vurderingsverktøy i eigne planar og eiga undervisning? Erfaringsutveksling i blogg og innlevering av oppgåver.
  • Trinn 3: Kursdag – plenum
    Vår 2013, Høgskulen i Volda.
    Nye funn i eige vurderingsarbeid, forelesingar, praktiske døme og erfaringsutveksling.

Kurset et fullteikna og påmelding avslutta.

Last ned infoskriv her >>