Kvifor rettleiing av nyutdanna?
Barnehage- og skuleeigar har hovudansvaret for å gi nyutdanna førskulelærarar og lærarar den
rettleiinga dei treng for å fungere godt i arbeidet.
Stortinget vedtok i april 2009 at nyutdanna lærarar i grunnskule og vidaregåande skule frå hausten 2010 skal få tilbod om rettleiing første tida i yrket. For nyutdanna førskulelærarar gjeld tilbodet frå 2011.
Kunnskapsdepartementet og
Utdanningsdirektoratet legg til rette for å auke talet på nyutdanna som får rettleiing frå hausten 2009.
Rettleiing bidreg til
-
auka evne til refleksjon over eigen praksis
-
ein vellykka introduksjon til yrket
-
å skape gode samanhengar mellom utdanning og yrke
Tiltaket "Veiledning av nyutdannede" er eit viktig insitament i arbeidet med å rekruttere,
vidareutvikle og behalde nyutdanna lærarar.
va er rettleiing av nyutdanna?
Samarbeidande partar i tiltaket er KS,
Utdanningsforbundet, utdanningsdirektørane i fylka og høgskulane.
Rettleiinga går føre seg individuelt og i grupper med andre nyutdanna, leia av lokale rettleiarar/mentorar og fagpersonar frå høgskulane.
Rettleiing i grupper er organisert som
dagsamlingar og kortare lokalsamlingar.
Nyutdanna får sin eigen mentor/lokal rettleiar utvald av rektor/styrar. Desse får opplæring og
rettleiing frå høgskulane.
Rettleiinga tek utgangspunkt i dei nyutdanna sine rettleiingsbehov og arbeidsgjevar sine planar for kompetanseutvikling i barnehage og skule.
Kven kan vere med?
-
Alle barnehagar, grunnskular og
vidaregåande skular som har nyutdanna med mindre enn to års praksis -
Nyutdanna som arbeider i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.
-
Erfarne lærarar/førskulelærarar som vil vere lokal rettleiar og som ønskjer kompetanseheving i rettleiing
