«Kunnskap for framtida»

Kvifor rettleiing av nyutdanna?

Barnehage- og skuleeigar har hovudansvaret for å gi nyutdanna førskulelærarar og lærarar den
rettleiinga dei treng for å fungere godt i arbeidet.

Stortinget vedtok i april 2009 at nyutdanna lærarar i grunnskule og vidaregåande skule frå hausten 2010 skal få tilbod om rettleiing første tida i yrket. For nyutdanna førskulelærarar gjeld tilbodet frå 2011.

Kunnskapsdepartementet og
Utdanningsdirektoratet legg til rette for å auke talet på nyutdanna som får rettleiing frå hausten 2009.

Rettleiing bidreg til

  • auka evne til refleksjon over eigen praksis
  • ein vellykka introduksjon til yrket
  • å skape gode samanhengar mellom utdanning og yrke

Tiltaket "Veiledning av nyutdannede" er eit viktig insitament i arbeidet med å rekruttere,
vidareutvikle og behalde nyutdanna lærarar.


va er rettleiing av nyutdanna?

Samarbeidande partar i tiltaket er KS,
Utdanningsforbundet, utdanningsdirektørane i fylka og høgskulane.

Rettleiinga går føre seg individuelt og i grupper med andre nyutdanna, leia av lokale rettleiarar/mentorar og fagpersonar frå høgskulane.

Rettleiing i grupper er organisert som
dagsamlingar og kortare lokalsamlingar.

Nyutdanna får sin eigen mentor/lokal rettleiar utvald av rektor/styrar. Desse får opplæring og
rettleiing frå høgskulane.

Rettleiinga tek utgangspunkt i dei nyutdanna sine rettleiingsbehov og arbeidsgjevar sine planar for kompetanseutvikling i barnehage og skule.


Kven kan vere med?

  • Alle barnehagar, grunnskular og
    vidaregåande skular som har nyutdanna med mindre enn to års praksis
  • Nyutdanna som arbeider i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.
  • Erfarne lærarar/førskulelærarar som vil vere lokal rettleiar og som ønskjer kompetanseheving i rettleiing

 

 

KONTAKT

Sogn og Fjordane
Jan Julusmoen
T: 57 67 63 34
 E: jan.julusmoen@hisf.no

Møre og Romsdal
Gerd Sylvi Steinnes
T: 70 07 53 15
E: gerds@hivolda.no

 

 

DOKUMENT

Invitasjon
Brev til deg som vurderer å bli med
Les meir >> (pdf-format)

Modell
Korleis Nytt på Nytt er bygd opp
Les meir >> (pdf-format)

Studium
Litt om bakgrunnen for studiet
Les meir >> (pdf-format)