«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Studentveka og festivalar

Arrangement som VEKA, Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, animasjonsfestivalen AnimatonVolda og vintersportfestivalen X2 er blant dei store høgdepunkta. Det er studentane sjølve som skaper denne særmerkte festivalsetmninga år etter år, ei stemning som også trekk gamle studentar tilbake.

Fadderveka

Under Fadderveka er målet at nye studentar skal bli kjent med Volda, høgskulen, samt nye og gamle studentar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein mjuk start på eit bra opphald. Dette skjer i form av konsertar, utandørsarrangement, omvising på skulen og diverse samlingar og festar. Målet med Fadderveka er at alle skal føle seg velkomne, bli tatt godt i mot og at dei blir glade i Volda i løpet av tida dei er her.

Nettside: www.fadderveka.com

 

VEKA

 

Studentveka i Volda er den største på Nordvestlandet og har blitt arrangert 25 gongar. Noko av det du kan oppleve er konsertar, revy, radiosendingar og kviss, og bak VEKA står frivillige og aktive studentar. I tillegg til lokale talent i studentrevyen kjem stjerner og talent frå inn- og utland til Volda for å skape ei stemning og ein atmosfære du seint vil gløyme. Dei siste åra har studentane hatt høve til å få med seg populære konsertar i eit vidt sjangerspenn, og artistar som Veronica Maggio, Talib Kweli, D.D.E., Team Me, Jonas Alaska, Maria Mena og Honningbarna er berre nokre av dei som har spelt i Volda. Det beste er likevel at festivalen, som alle festivalane i Volda, er skapt av frivillige studentar, og at også du kan engasjere deg om du vil.

Nettside: www.veka.no

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

 

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er Noregs eldste og største dokumentarfilmfestival og trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Mellom femti og seksti filmar blir vise under festivalen, som er eit årleg arrangement i Volda. Under festivalen samlast filmskaparar, studentar og publikum og kombinasjonen av gode filmopplevingar og feststemte medstudentar er med på å gjere festivalen til ei hending ein definitivt må få med seg. Festivalen er arrangert av studentar, og dersom du engasjerer deg som frivillig vil du garantert få mange nyttige organisatoriske og sosiale erfaringar.

Nettstad: www.dokfilm.no

Animation Volda


Lurer du på kva som blir morgondagens teiknefilmar, animasjonsfilmar og dataspelanimasjonar? Høgskulen har eit anerkjent animasjonsmiljø som utdannar nokre av dei mest kreative og dyktige animatørane i Noreg. Med festivalen Animation Volda kan alle ta del i den kreative atmosfæren i Volda – og det i ein festival som tiltrekkjer seg nasjonal og internasjonal merksemd. Mellom workshops, konsertar og festar kan du sjå eksklusive kinopremierar på banebrytande animasjonsfilmar. Festivalen er eit knutepunkt mellom animasjonsstudentar i Norden og Baltikum, og kvalifiserer studentfilmar til Fredrikstad Animation Festival. På kort tid har Animation Volda blitt ein svært populær festival, og har på kort tid blitt ein svært populær festival som set eit innovativt preg på studentlivet og gir Volda ein internasjonal atmosfære.

Nettstad: www.animationvolda.com

X2 Festivalen - vinterekstremsport

Likar du kjensla av topptur, vintersol, puddersnø og adrenalinrus? Om du først har staka deg opp 1700 meter til toppen av  Sunnmørsalpane, har du verda for dine føter – og eit afterski du kanskje aldri har opplevd før, i vente. Vintersportfestivalen X2 er  skreddarsydd for den kontrastfylte naturen på Sunnmøre og er på fleire måtar den mest ekstreme vintersportshelga i regionen. Med knallharde konkurransar i tindebestigning og frikøyring, padling og paragliding kan han framkalle kribling i magen til dei fleste,  men festivalen er også ein sosial folkefest for publikum – også dei som heller vil ha peiskos enn ulendt terreng. Den sterke  festivalstemninga er ein viktig del av det som skaper Volda sitt unike studiemiljø, og under X2 er Volda prega av fargerike  allvêrsjakker, retro solbriller og gammal skismurning.

Nettstad: www.x2ski.no