Studentveka og festivalar
Studiestaden Volda er kjend for sitt gode studentmiljø, og det er studentane sjølve som skaper den særmerkte stemninga år etter år.
FADDERVEKA
Under Fadderveka er målet at nye studentar skal bli kjent med Volda, høgskulen, samt nye og gamle studentar. Fadderane gjer alt for at nye studentar skal få ein mjuk start på eit bra opphald. Dette skjer i form av konsertar, utandørs arrangement, omvising på skulen og diverse samlingar og festar. Målet med Fadderveka er at alle skal føle seg velkommne, bli tatt godt i mot og at dei blir glad i Volda i løpet av tida dei er her.
VEKA
Studentveka i Volda er den største på Nordvestlandet og har blitt arrangert 25 gongar. Noko av det du kan oppleve er konsertar, revy, radiosendingar og kviss, og bak VEKA står frivillige og aktive studentar. I tillegg til lokale talent i studentrevyen kjem stjerner og talent frå inn- og utland til Volda for å skape ei stemning og ein atmosfære du seint vil gløyme. Dei siste åra har studentane hatt høve til å få med seg populære konsertar i eit vidt sjangerspenn, og artistar som Datarock, Lars Vaular, Tommy Tee, Ugress og CC Cowboys er nokre av dei som har spelt i Volda. Det beste er likevel at festivalen, som alle festivalane i Volda, er skapt av frivillige studentar, og at også du kan engasjere deg om du vil.
Nettside: www.veka.no
Den norske dokumentarfilmfestivalen
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er Noregs eldste og største dokumentarfilmfestival og trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Mellom femti og seksti filmar blir vise under festivalen, som er eit årleg arrangement i Volda. Under festivalen samlast filmskaparar, studentar og publikum og kombinasjonen av gode filmopplevingar og feststemte med-studentar er med på å gjere festivalen til ei hending ein definitivt må få med seg. Festivalen er arrangert av studentar, og å engasjere seg som frivillig vil garantert gi deg mange nyttige organisatoriske og sosiale erfaringar.
Nettstad: www.dokfilm.no
Animation Volda
Lurer du på kva som blir morgondagens teiknefilmar, animasjonsfilmar og dataspelanimasjonar? Høgskulen har eit anerkjent animasjonsmiljø som utdannar nokre av dei mest kreative og dyktige animatørane i Noreg. Med festivalen Animation Volda kan alle ta del i den kreative atmosfæren i Volda – og det i ein festival som tiltrekkjer seg nasjonal og internasjonal merksemd. Mellom workshops, konsertar og festar kan du sjå eksklusive kinopremierer på banebrytande animasjonsfilmar. Festivalen er eit knutepunkt mellom animasjonsstudentar i Norden og Baltikum, og kvalifiserer studentfilmar til Fredrikstad Animation Festival. På kort tid har Animation Volda blitt ein svært populær festival, og har på kort tid blitt ein svært populær festival som set eit innovativt preg på studentlivet og gir Volda ein internasjonal atmosfære.
Nettstad: www.animationvolda.com
X2 - vinterekstremsportfestival
Likar du kjensla av topptur, vintersol, puddersnø og adrenalinrus? Om du først har staka deg opp 1700 meter til toppen av Sunnmørsalpane, har du verda for dine føter – og eit afterski du kanskje aldri har opplevd før, i vente. Vintersportfestivalen X2 er skreddarsydd for den kontrastfylte naturen på Sunnmøre og er på fleire måtar den mest ekstreme vintersportshelga i regionen. Med knallharde konkurransar i tindebestigning og frikøyring, padling og paragliding kan han framkalle kribling i magen til dei fleste, men festivalen er også ein sosial folkefest for publikum – også dei som heller vil ha peiskos enn ulendt terreng. Den sterke festivalstemninga er ein viktig del av det som skaper Volda sitt unike studiemiljø, og under X2 er Volda prega av fargerike allvêrsjakker, retro solbriller og gammal skismurning.
Nettstad: www.x2ski.no
Foto: Iris Engen Skadal
Oppdatert av Birgitte Elise Bøen 02. april 2012 kl. 09.02 Publisert med NetEd : Publish


