«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Opptakskrav til studium ved Høgskulen i Volda

For opptak til grunnutdanningar ved høgskular og universitet er det krav om generell studiekompetanse. Nokre studium kan ha særskilde opptakskrav i tillegg. Krava er definerte under studium i studiekatalogen.

Har du generell studiekompetanse?
Samordna opptak har eiga side om generell studiekompetanse. Her kan du sjå kva krav som må oppfyllast og ulike vegar til generell studiekompetanse. Her kan du også lese om poengberekning.

Opptak til mastergrad, fordjupingsstudium og praktisk pedagogisk- utdanning for allmennfag byggjer på fullført høgskule-/universitetsutdanning av eit visst omfang. Opptakskrav og rangeringsreglar for  for opptak til desse utdanningane er definerte i Forskrift om opptak til Høgskulen i Volda.

Opptak på grunnlag av realkompetanse
Realkompetanse er kunnskap ein person har tileigna seg gjennom lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring eller på annan måte. Personar som er 25 år eller eldre i opptaksåret og som ikkje har generell studiekompetanse, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Alle som søkjer på bakgrunn av realkompetanse, må gjere greie for eigen motivasjon for å søkje studietilbodet og forventningane ein har til studiet. I tillegg må søkjar skrive ei eigenvurdering om kvifor han/ho meiner å kunne gjennomføre studiet trass i manglande studiekompetanse. Opplysningane er ein del av vurderingsgrunnlaget for opptak og skal følgje med ved innsending av søknadsvedlegg. Søkjar kan nytte vedlagde skjem eller eige ark. Nynorsk Bokmål

 


>>> Meir om lover, forskrifter, retningslinjer og rammeplanar for studentar