«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Innsending av dokumentasjon til opptak

Som eit ledd i søkinga lastar du opp dokumentasjonen (vitnemål etc.) i Søknadsweb under "Mine dokumenter". For å kunne laste opp dokumenta må dei vere i scanna/elektronisk format, helst i pdf-format. Opplasta dokument skal vise at du fyller opptakskrava på studiet du har søkt.

Har du ikkje høve til å laste opp dokumenta kan du sende dei pr. post snarast og seinast innan fem dagar etter at du søkte. Merk dokumenta med søkarnummeret ditt og send til: Høgskulen i Volda, Opptak Pb 114, 6101 Volda.

NB! Vi kan dessverre ikkje godta innsending av dokument pr. e-post.

Fullfører du utdanning inneverande semester, må du laste opp/sende inn dokumenta dine når du har motteke dei.

Du er sjølv ansvarleg for at opplasta/innsendt dokumentasjon er rett. Feil eller misvisande opplysingar kan føre til at du mister retten til å fullføre utdanninga. I løpet av det første semesteret ditt vil vi be eit tilfeldig utval søkarar som er tatt opp om å førevise originale vitnemål og attestar. Jfr. Forskrift om opptak til Høgskulen i Volda § 6. Forfalskingar vert ramma av Straffelova § 182.

Opptak til grunnutdanning ved universitet og høgskular følgjer Lov 2005-04-01 nr. 15 Lov om universiteter og høyskoler og FOR 2007-01- 31 nr 173: Forskrift om opptak til høyere utdanning.