«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Løpande opptak

Løpande opptak ved Høgskulen i Volda

Løpande opptak vil seie at vi sakshandsamar fortløpande søknadane og gir tilbod til alle kvalifiserte søkarar så lenge det er ledig kapasitet på studia eller så lenge studia er opne for søking. Som søkar må du sjølv syte for å takke ja/nei til tilbodet om studieplass.

Merk at studium med løpande opptak har ordinær studiestart august/januar dersom ikkje anna er opplyst.

På denne måten ønskjer vi å legge til rette for at du tidleg kan få avklart om du får studieplass slik at du kan planlegge eventuell tilrettelegging av jobb- og/eller studiesituasjon.

Dersom du fullfører studium denne våren er det viktig at du søker og legg til i merknadsfeltet på søknaden din at du fullfører studium i løpet av våren. Alle som har søkt innan eit studium vert stengd for søking, får tilbod om plass dersom ein er kvalifisert.

Ved spørsmål om løpande opptak eller andre opptaksspørsmål kan du kontakte oss på epost sok@hivolda.no eller telefon 70 07 50 18