«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Slik søker du om studieplass

Høgskulen i Volda har ulike opptak for dei ulike studieprogramma våre. Nedanfor har vi lista opp namn på desse opptaka og kva studium som ligg i dei ulike opptaka. Ein opplæringsvideo om Søknadsweb finn du nederst på sida her.

Samordna opptak

I Samordna Opptak søker du på bachelorgrader og årsstudium.

Ordinær søknadsfrist er 15. april. Alle søkjarar med norsk fødselsnummer må bruke elektronisk identitet frå MinID for å registrere søknad. Husk at du må skaffe deg PIN-kode frå MinID i god tid før søknadsfristen. Opptaket opnar for søking 1. februar.

Gå til Samordna opptak

Lokalt opptak

I lokalt opptak søker du på nettstudium, vidareutdanningar og deltidsstudium. Dei fleste studium i lokalt opptak har løpande opptak medan nokre har søknadsfrist 15. april. Opptaket opnar for søking 1. februar. For studium med oppstart i januar, opnar opptaket for søking ca 1. november. Vår Søknadsweb-video viser korleis du søker.

Vi har løpande opptak på studium med ledig kapasitet. Dvs at vi handsamar søknadar fortløpande og gir tilbod til søkarar som er kvalifiserte til studiet er fullt.

Gå til Høgskulen i Volda sin lokale Søknadsweb

Masteropptak

I masteropptaket søker du på mastergrader og vidareutanningar på mastergradsnivå. Ordinær søknadsfrist er 1. mars/15. april eller løpande opptak for studium med god kapasitet. Opptaket opnar for søking 1. februar. For studium med oppstart i januar, opnar opptaket for søking ca 1. november.

Gå til Høgskulen i Volda sin lokale Søknadsweb

PPU-opptak

I PPU-opptaket søkar du på praktisk- pedagogiske utdanningar. Ordinær søknadsfrist er 15. april. Opptaket opnar for søking 1. februar.

Gå til Høgskulen i Volda sin lokale Søknadsweb

Søknadsweb –ei kort innføring

Meir informasjon om søking og opptak finn du i menyen til høgre. 

Treng du hjelp kan du kontakte oss på telefon 70075018 eller på e-post sok@hivolda.no