«Kunnskap for framtida»

Om Høgskulen

Med om lag 4000 studentar og 300 tilsette er Høgskulen i Volda (HVO) den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Med dugande fagfolk og aktive studentar framstår Høgskulen i Volda som eit fagleg og kulturelt kraftsentrum i regionen. Høgskulen er kanskje spesielt kjent for medieutdanningane og det gode og aktive studentmiljøet med student­VEKA, Animasjonsfilm-festivalen og Dokumentarfilm-festivalen som dei store høgdepunkta.

Oversiktsbilete av Volda
Volda med det karakteristiske Rotsethornet.

Studietilboda

Høgskulen tilbyr ei rekkje bachelorgrader, årsstudium og vidareutdanningar. I tillegg har høgskulen seks mastergrader: Kulturmøte, Sosial- og helsefag; Meistring og myndiggjering, Nynorsk skriftkultur, Samfunnsplanlegging og leiing, Dokumentar og Journalistikk og Undervisning og læring.

Forsking og utviklingsarbeid

Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid grunnlag. Dei strategiske satsingsområda for FoU er journalistikk, kulturmøte, profesjonsforsking, utdanningsforsking og velferdsforsking. Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og det er inngått eigen samarbeidsavtale mellom HVO og Møreforsking AS om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast. www.hivolda.no/fou

Etter- og vidareutdanning

Høgskulen i Volda ønskjer å vere ein aktiv og dialogsøkjande aktør innan­for dette viktige feltet. Som den største kompetanse­leverandøren i regionen tilbyr HVO ei rekkje studietilbod som nettstudium, deltid og/eller desentrali­sert. Studiesenteret i Kristiansund og Kompetanse­senteret for kulturproduksjon og kulturformidling er viktige delar av denne satsinga. 

Høgskulen i Volda | Postboks 500 | 6101 Volda |
T: 70 07 50 00 | F: 70 07 50 51 | postmottak@hivolda.no