«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Om Høgskulen

Høgskulen i Volda ligg ved dei majestetiske Sunnmørsalpane, og er med over 4000 studentar og 350 tilsette, den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. 

Lærarutdanninga starta i Volda med Voldens høiere Almueskole i 1861. Med nokre korte opphald undervegs har Volda utdanna lærarar i  over 150 år. I dag er Høgskulen i Volda også godt kjent for medieutdanningane og det gode og aktive studentmiljøet i studiebygda_logo_inline.jpgmed VEKA, Animasjonsfilmfestivalen, X2 og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen som nokre av høgdepunkta.

Høgskulen i Volda vil:

  • gje profesjonsutdanningar på BA- og MA-nivå for skule og barnehage, velferd, media og kultur
  • byggje på det fremste innanfor forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
  • vere nasjonalt leiande innanfor yrkesretta medieutdanning og anvendt medieforsking
  • ha eit særleg ansvar for nynorsk i fag- og profesjonsutdanning
  • vere ei drivande kraft i livslang læring prega av pedagogisk innovasjon for læring i eit digitalt samfunn
  • vere samarbeidande med andre institusjonar i inn- og utland
  • vere ein viktig samarbeidspartnar i regional utvikling
  • vere ein institusjon med eit levande, attraktivt og godt studiemiljø og med tett kontakt mellom lærar og student og mellom studentar

Studietilboda

Høgskulen tilbyr 14 bachelorgrader, tre lærarutdanningsprogram, ei rekkje årsstudium og vidareutdanningar på heiltid, deltid og nett.

I tillegg har høgskulen seks mastergrader: Kulturmøte, Sosial- og helsefag; Meistring og myndiggjering, Nynorsk skriftkultur, Samfunnsplanlegging og leiing, Dokumentar og Journalistikk og Undervisning og læring.

Forsking og utviklingsarbeid

Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid grunnlag. Høgskulen har 220 fagtilsette. Av desse er 25 professorar og dosentar og 50 førstekompetente.

Dei strategiske satsingsområda for FoU er:

  • journalistikk
  • kulturmøte
  • profesjonsforsking
  • utdanningsforsking og
  • velferdsforsking

Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og det er inngått eigen samarbeidsavtale mellom HVO og Møreforsking AS om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast. www.hivolda.no/fou

Etter- og vidareutdanning

Høgskulen i Volda ønskjer å vere ein aktiv og dialogsøkjande aktør innan­for dette viktige feltet. Som den største kompetanse­leverandøren i regionen tilbyr HVO ei rekkje studietilbod som nettstudium, deltid og/eller desentrali­sert.

Studiesenteret i Kristiansund og Kompetanse­senteret for kulturproduksjon og kulturformidling (SEANSE) er viktige delar av denne satsinga.