Om Høgskulen
Med om lag 4000 studentar og 300 tilsette er Høgskulen i Volda (HVO) den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Med dugande fagfolk og aktive studentar framstår Høgskulen i Volda som eit fagleg og kulturelt kraftsentrum i regionen. Høgskulen er kanskje spesielt kjent for medieutdanningane og det gode og aktive studentmiljøet med studentVEKA, Animasjonsfilm-festivalen og Dokumentarfilm-festivalen som dei store høgdepunkta.

Volda med det karakteristiske Rotsethornet.
Studietilboda
Høgskulen tilbyr ei rekkje bachelorgrader, årsstudium og vidareutdanningar. I tillegg har høgskulen seks mastergrader: Kulturmøte, Sosial- og helsefag; Meistring og myndiggjering, Nynorsk skriftkultur, Samfunnsplanlegging og leiing, Dokumentar og Journalistikk og Undervisning og læring.
Forsking og utviklingsarbeid
Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid grunnlag. Dei strategiske satsingsområda for FoU er journalistikk, kulturmøte, profesjonsforsking, utdanningsforsking og velferdsforsking. Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og det er inngått eigen samarbeidsavtale mellom HVO og Møreforsking AS om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast. www.hivolda.no/fou
Etter- og vidareutdanning
Høgskulen i Volda ønskjer å vere ein aktiv og dialogsøkjande aktør innanfor dette viktige feltet. Som den største kompetanseleverandøren i regionen tilbyr HVO ei rekkje studietilbod som nettstudium, deltid og/eller desentralisert. Studiesenteret i Kristiansund og Kompetansesenteret for kulturproduksjon og kulturformidling er viktige delar av denne satsinga.
Høgskulen i Volda | Postboks 500 | 6101 Volda |
T: 70 07 50 00 | F: 70 07 50 51 | postmottak@hivolda.no
