«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Utval ved Høgskulen i Volda

Arbeidsmiljøutvalet

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) ved Høgskulen i Volda (HVO) skal arbeide for at arbeidsmiljøet ved HVO er fullt forsvarleg, delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet og følgje med i utviklinga i saker som vedkjem sikkerheit, helse og velferd til dei tilsette.

Strategisk studienemnd

Styret delegerer myndet sitt til godkjenning av etablering av emne og studium til og med 30 studiepoeng for utdanningar der det ikkje er nasjonale rammeplanar til strategisk studienemnd. Styret godkjenner etableringa av emne og studium på meir enn 30 studiepoeng. Strategisk studienemnd utgjer det sentrale styreoppnemnde studiekvalitetsutvalet ved HVO.

Strategisk studienemnd handsamar dei årlege rapportane frå avdelingane og gir innstilling til styret om status og utvikling av kvalitetssikringsarbeidet ved HVO. Strategisk studienemnd utarbeider den årlege rapporten om studiekvalitet ved HVO.

Forskingsutvalet

Forskingsutvalet er eit strategisk, samordnande og rådgjevande organ i FoU-saker ved HVO og MFV. Forskingsutvalet skal arbeide for at forskingsmiljøet i Volda leverer FoU-arbeid av høg kvalitet. Forskingsutvalet har ansvar for rettleiing og kvalitetssikring i samband med HVO og MFV si forskingsverksemd. Forskingsutvalet utarbeider ein årleg rapport om FoU-verksemda til styret.

Internasjonalt utval

Internasjonalt utval er eit strategisk, rådgjevande og samordnande organ for høgskulestyret i saker som vedkjem internasjonalt arbeid ved høgskulen. Internasjonalt utval skal rullere handlingsplanen for internasjonalisering og utarbeide årsmelding om internasjonalisering. Desse blir lagt fram for styret innan dei fristane styret fastset.

Studiestartutvalet 

HVO har oppretta eit fast utval for studiestart. Dette utvalet har fått følgjande mandat og mål:
Lage og setje i verk ein kvalitetssikra plan for studiestart. Planen må byggje på erfaringane frå tidlegare semesterstartarbeid.

Tilsetjingsråd for administrative stillingar

...

Tilsetjingutval for forskings- og undervisingsstillingar

...

LÆRINGSMILJØUTVALET

HVO har oppretta eit læringsmiljøutval der studentane har halvparten av medlemmane. Mandatet for utvalet er gitt i ”Lov om universiteter og høgskoler”. Læringsmiljøutvalet utarbeider ein årleg rapport om læringsmiljøet til styret.

LIKESTILLINGSUTVALET

HVO har oppretta eit fast utval for likestilling.