Strategisk studienemnd
Strategisk studienemnd sine oppgåver er mellom anna:
- Diskutere overordna utdannings- og studiestrategi - kva skal HVO tilby av utdanningar på lang og kort sikt - vere rådgivande organ for styret
- Ansvar for å lage årsrapport for studiekvalitet
- Vurdere kandidatar til utdanningsprisen og innstille til styret
Arbeid med studie- og emneplanar:
- Planar om nye studietilbod skal leggjast fram for strategisk studienemnd for strategisk vurdering før arbeidet med detaljplanlegging startar. Styret sluttar seg til dei prosedyrane som er skissert i saksutgreiinga når det gjeld utvikling av nye studietilbod og til den årlege saka om studieporteføljen. I sitt arbeid skal også nemnda sjå på heilskap og moglege effektar av samarbeid på tvers av avdelingane.
- Høgskuleleiinga godjenner emne/program til og med 30 studiepoeng og godkjenner planar for studium som er vedtatt etablert. SSN får godkjenningssaker til orientering.