Ledige stillingar ved Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Spørsmål om søknadsprosedyre og saksgang kan rettast til personalkontoret
Personaldirektør Nina C. Garshol tlf.: 70 07 50 40
Rådgivar Elin Øye Halkjelsvik, tlf.: 70 07 50 42
E-post: personal@hivolda.no
Elektronisk søknad
Vi anbefaler at du registrerer CV-en din før du søker på ei stilling. Start registreringa ved å klikke på boksa ny brukar over. For å fullføre registeringa og få passord tilsendt på e-post må minimum opplysingar om alle personalia vere registrert. Du kan deretter logge deg på og hente fram att opplysningar du har registrert om personalia, utdanning og arbeidserfaring. Søknad på ei stilling og innlegging av søknadstekst kan berre gjennomførast ein gong for kvar brukar. Vi anbefaler difor at du har søknadsteksten klar før du søkjer på ei stilling. Søkjarar kan ikkje laste opp vedlegg til den elektroniske søknaden. Vi ber om at vedlegg til søknaden vert ettersendt i papirformat.
Ettersending av vedlegg til elektronisk søknad
Vi ber alle søkjarar om å lese utlysingstekst og stillingsomtale nøye. Merk deg kva krav og fristar som gjeld i forhold til ettersending av søknadsmateriell for den stillinga du søkjer på. Søkjarar er sjølv ansvarleg for at ettersendte søknadsmateriell er i samsvar med krav i utlysingstekst og stillingsomtale. Dersom ikkje vedlegg vert ettersendt, vert ikkje søknadane vurdert. Ettersendte vitnemål og attestar skal alltid vere rettkjende kopiar. Vitskapleg materiale kan vere vanleg kopi eller utskrift. Søknadsmateriell i papirformat merka med stillingsnummer skal sendast til:
Personalkontoret
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda
Søkjarar på stillingar der kvalifikasjonane til søkjarane skal vurderast av eit sakkunnig utval skal først sende elektronisk søknad innan søknadsfristen. Deretter må følgjande søknadsvedlegg i papirformat sendast innan ei veke i tre komplette og sorterte eksemplar til: Personalkontoret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda:
• CV og eventuelt liste over vitskaplege arbeid
• rettkjende kopiar av vitnemål/attestar
• kopi av inntil ti vitskaplege arbeid (inkl. hovudfags-/mastergradsoppgåve)
Søkjarar på professorat vert bedne om å sende inn alle søknadsvedlegg i 4 eksemplar.
Søkjarar på stipendiatstillingar skal i tillegg sende inn prosjektskisse i tre eksemplar.
Søkjarar på administrative stillingar og korte faglege engasjement skal sende elektronisk søknad innan søknadsfristen er ute, og ettersende eitt eksemplar av rettkjende kopiar av attestar og vitnemål innan søknadsfristen er ute.
Søkjarlister
Så langt praktisk mogleg vil søkjarar vil få tilsendt søkjarliste til fortruleg orientering etter at søknadsfristen er ute. Vi gjer merksam på at søkjar sin CV vert nytta i utvida søkjarliste. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli unnatekne i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngivinga som e-post til personal@hivolda.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.
