Læringsmiljø ved Høgskulen i Volda
Læringsmiljø - kva er det?
Det er mange faktorar som verkar på studentane sin studiesituasjon og vilkåra for god læring. Læringsmiljø omfattar faglege og organisatoriske forhold, utforming av det fysiske miljøet og undervisninga. Men det gjeld også korleis ein opplever studiemiljøet og velferd knytt til studiesituasjonen. Studentane er ulike, med ulike behov. Difor må eit godt læringsmiljø gi best moglege vilkår uavhengig av faktorar som kjønn, alder, etnisitet og helse.
Læringsmiljø er summen av alt som kan påvirke studentane sin studiesituasjon.
Kvalitetssikring internt og eksternt
Universitets- og høgskulelova gir studentane rett til eit godt læringsmiljø, og krev at institusjonen jobbar aktivt med dette. Vi skal dokumentere arbeidet med læringsmiljøet, og gjere dette til ein del av vårt interne kvalitetssystem. Vi rapporterer både internt til Høgskulestyret, og eksternt til t.d. departementet, NOKUT og Arbeidstilsynet.
Den formelle forankringa for arbeidet med læringsmiljø finn vi i Universitets- og høgskoleloven (UH-lova), § 4.3 - Læringsmiljø. Du kan lese lovteksten her. Lova seier at Høgskulen i Volda skal sørgje for:
| a) | at lokale, adkomstvegar, trapper mv. er dimensjonerte og innreidde for den verksemda som drivast |
| b) | at lokala har gode lys- og lydforhold og forsvarleg inneklima og luftkvalitet |
| c) | at lokala vert haldne ved like og er reine og ryddige |
| d) | at lokala er innreidde slik at uheldige fysiske belastningar for studentene vert unngått |
| e) | at verksemda er planlagt slik at skader og ulykker vert førebygde |
| f) | at tekniske innretningar og utstyr er forsynte med verneinnretningar og vert haldne ved like slik at studentane er verna mot skader på liv og helse |
| g) | at lokale, adkomstvegar, sanitæranlegg og tekniske innretningar er utforma på ein slik måte at funksjonshemma kan studere ved institusjonen |
| h) | at læringsmiljøet er innretta for studentar av begge kjønn |
| i) | at læringsmiljøet er utforma etter prinsippet om universell utforming |
LÆRINGSMILJØUTVALET
Etter UH-lova er alle universitet og høgskular pålagde å opprette eit læringsmiljøutval (LMU). Det skal vere lik representasjon av tilsette og studentar, som vekslar på å leie utvalet.
Høgskulestyret har det overordna ansvaret for studentane sitt læringsmiljø. Læringsmiljøutvalet rapporterer direkte til styret. LMU skal sjå til at institusjonen sikrar studentane både kontroll og medråderett i saker som vedkjem læringsmiljøet, vere eit viktig organ for å skaffe informasjon til styret og ein pådrivar i læringsmiljøsaker.
