Læringsmiljøutval
Læringsmiljø ved Høgskulen i Volda
Det øverste ansvaret er plassert hos styret gjennom Universitets- og høgskolelova § 4.3. Du finn lova her.
Læringsmiljøutvalet (LMU) skal "delta i planleggingen av tiltak vedrørende læringsmiljø, og nøye følge utviklingen i spørsmål som angår studentenes sikkerhet og velferd."
Eigen kvalitetssikring og tilsyn utanfrå
Vårt arbeid med læringsmiljø er del av systemet for å sikre kvalitet i utdanninga, og heng også saman med arbeidsmiljøet for dei tilsette. Utanfor høgskulen vert desse felta nøye følgt opp gjennom kontrollar frå NOKUT og Arbeidstilsynet
. Arbeidstilsynet har hovudfokus på det fysiske arbeidsmiljøet, medan NOKUT mellom anna ser på kva rutinar vi har for å sikre at kvaliteten på studia er god, og korleis studentane kan virke inn på høgskulen og studia. NOKUT var i Volda på institusjonsbesøk/inspeksjon seinast i 2011, og møtte mellom anna LMU.
GENERELT OM LÆRINGSMILJØUTVALET
Læringsmiljøutvalet har 8 medlemmer: 4 representantar for dei tilsette og 4 student-representantar, og varamedlem for begge gruppene. Det er også observatørar frå IT og SfS i utvalet. Styret har det overordna ansvaret for studentane sitt læringsmiljø. Læringsmiljøutvalet rapporterer direkte til styret. LMU skal sjå til at institusjonen sikrar studentane kontroll og medråderett i saker som vedkjem læringsmiljøet, vere eit viktig organ for å skaffe informasjon til styret og eit proaktivt organ (ein pådrivar) i læringsmiljøsaker.
Arbeidet er regulert av eigne retningslinjer:
