«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Læringsmiljø ved Høgskulen i Volda


Læringsmiljø - kva er det?

Det er mange faktorar som verkar på studentane sin studiesituasjon og vilkåra for god læring. Læringsmiljø omfattar faglege og organisatoriske forhold, utforming av det fysiske miljøet og undervisninga. Men det gjeld også korleis ein opplever studiemiljøet og velferd knytt til studiesituasjonen. Studentane er ulike, med ulike behov. Difor må eit godt læringsmiljø gi best moglege vilkår uavhengig av faktorar som kjønn, alder, etnisitet og helse.

Læringsmiljø er summen av alt som kan påvirke studentane sin studiesituasjon.

LÆRINGSMILJØ, KVALITETSSIKRING OG LOVGJEVING

Studentane har rett til eit godt læringsmiljø, og Universitets- og høgskulelova krev at vi skal jobbe aktivt med dette. Vi skal dokumentere dette arbeidet, og ta læringsmiljø med som ein del av vårt interne kvalitetssystem. Vi rapporterer også om arbeidsfeltet til Høgskulestyret, til departementet, NOKUT og Arbeidstilsynet.

Universitets- og høgskulelova har eit eige avsnitt om læringsmiljø. Les meir om kva  Universitets- og høgskoleloven seier om dette.

 LÆRINGSMILJØUTVALET

Høgskulen skal ha eit læringsmiljøutval (LMU), med like mange representantar frå tilsette og studentar. Studentar og tilsette skal veksle på å leie utvalet. Les meir om læringsmiljøutvalet her.