«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Styring, ansvar og roller

3. Styring, ansvar og roller

3.1            Overordna ansvar

Det er høgskulestyret som har det overordna ansvaret for kvalitetssystemet ved HVO og som handsamar årsrapporten om studiekvalitet.

3.2            Tilsette, ansvar og roller


3.2.1        Rektor og prorektor

Rektor er ansvarleg for kvaliteten i høgskulen sine studietilbod. Rektoratet har ansvar for den daglege oppfølginga av kvalitetssystemet, og for at det blir oppretta og gjennomført kompetansehevingstiltak for fagleg tilsette.

3.2.2        Høgskuledirektøren

Direktøren har ansvaret for drift og vedlikehald av kvalitetssystemet. Direktøren har òg ansvaret for kvaliteten i dei administrative tenestene knytte til studiekvalitet.

3.2.3        Studiedirektøren

Studiedirektøren har det samla ansvaret for kvalitetsarbeidet knytt til dei studieadministrative støttetenestene ved HVO. Studiedirektøren skal i samarbeid med avdelingane ta initiativ til intern evaluering av studietilbod ved høgskulen for å sikre studiekvaliteten. Studiedirektøren skal utarbeide statistikkar og analysegrunnlag som avdelingane kan bruke i sitt kvalitetsarbeid.

3.2.4        Personaldirektøren

Personaldirektøren har det samla ansvaret for at tilsettingar  er i samsvar med kvalitetssystemet og gjeldande  regelverk.

3.2.5        Dekan

Dekanen har det overordna ansvaret for kvalitetsarbeidet og for å fremje kvalitetskultur i avdelinga, m.a.:

  • å organisere avdelinga sitt kvalitetsarbeid, og for å skriftleggjere og publisere dei valde ordningane for tilsette og studentar
  • sjå til at evalueringane blir gjennomførte, og for at resultata blir følgt opp i avdelinga sitt studiekvalitetsutval og andre relevante fora

3.2.6        Instituttleiar/programansvarleg/studieleiar

Instituttleiar/programansvarleg/studieleiar har ansvar for planlegging, koordinering, evaluering og kvalitetsutvikling av studieprogram, inkludert praksisopplæring.

Programansvarleg/studieleiar lagar ei kort skildring av kvalitetsarbeidet knytta til sitt studieprogram og gjer dette kjent for studentane ved studiestart.

3.2.7        Emneansvarleg

Emneansvarleg har ansvar for planlegging, koordinering, evaluering og kvalitetsutvikling av emne. Emneansvarleg skal også bidra til programevalueringane emnet inngår i.

3.2.8        FAGLÆRAR

Faglærar har ansvar for å gi forskingsbasert undervisning, rettleiing og oppfølging, og for å bidra til evaluering av studieprogram og emne.

3.3             Studentar,  ansvar og roller

Studentane sine rettar og plikter følgjer av Lov om universiteter og høgskoler av 1. april 2005 nr. 15: http://www.lovdata.no/all/tl-20050401-015-005.html

Studentane har medansvar for utviklinga av studiekvaliteten på høgskulen. Det skal skje ved representasjon i styre og utval, og gjennom deltaking i studentevalueringar, trivsels-undersøkingar m.m. som høgskulen legg til rette for. Studentane har også ansvar for å setje seg inn i gjeldande reglar.

3.3.1        Fagutvalsmedlem

Fagutvalet skal vere eit forum for tilbakemelding og evaluering under vegs i studiet, og har samtidig som mål at studentar og faglærarar skal utvikle ei fagkritisk haldning.

Retningslinjer for fagutval

3.4   Utval

3.4.1 sENTRALE UTVAL

Ved HVO har vi følgjande sentrale utval som har oppgåver knytte til kvalitetssikring:

Strategisk studienemnd

Læringsmiljøutvalet
Forskingsutvalet
Internasjonalt utval
Arbeidsmiljøutvalet

3.4.2        Studiekvalitetsutval ved avdelingane

Avdelingane skal ha eigne studiekvalitetsutval.

Dette punktet faller vekk viss styret går inn for avdelingsråd. Kvalitetsarbeid og handsaminga av kvalitetsrapporten vil da gå inn i saksfeltet til avdelingsrådet

 

3.4.3        Fagutval for studieprogram

Alle fleirårige studieprogram (bachelor-, lærar og masterprogram) skal ha fagutval, der studentar frå alle kull/årstrinn er med.

Det er valfritt å organisere andre fagutval, uavhengig av studietype/studielengd.

For nettstudentar skal det vere eigne evalueringsopplegg, og det må gå tydeleg fram av studieplanen.