«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Pris for kvalitet i utdanninga - statuttar

Vedtekne av styret for Høgskulen i Volda 24. april 2008

Statuttar

1. Målet med prisen er å stimulere fagmiljøa ved Høgskulen i Volda (HVO) til å arbeide systematisk med å vidareutvikle kvaliteten på sine utdanningar og motivere dei tilsette til å bli meir opptekne av arbeidet med utdanningskvaliteten.
2. Prisen er på kr. 30 000 og blir delt ut av styret for HVO. Rektor står for overrekkinga. Med prisen følgjer eit diplom med namnet på prisen, året for tildelinga og namn på prisvinnaren.
3. Prisen skal nyttast til tiltak som fremjar studiekvalitet av fagleg-pedagogisk karakter og andre tiltak som styrkjer utdanningskvaliteten.
4. Alle framlegg skal vere grunngjevne. Framlegg skal sendast til styret for Høgskulen i Volda ved høgskuledirektøren innan utgangen av mai kvart studieår. Det er den strategiske studienemnda som gir ei grunngjeve innstilling til styret.

Retningsliner for søknaden

1. Prisen kan tildelast einskild personar eller ei gruppe personar frå ein eller fleire avdelingar ved HVO
2. Alle tilsette, studentar og formelle organ ved høgskulen kan fremje kandidatar til prisen.
3. Søknaden må beskrive og vurdere tiltaket. Søknaden må peike på korleis ein kan vidareføre resultatet av arbeidet med tiltaket og overføre dette til andre.
4. Søknaden må dokumentere at tiltaket er utført i aktivt samarbeid mellom studentar, fagpersonalet og andre aktuelle aktørar.
5. Tiltaket må vere i gang og kunne dokumentere positive resultat for studentane.

 
RETNINGSLINJER FOR FORSLAGSSTILLARAR OG  INNSTILLINGSUTVAL

Ved tildeling av prisen skal det leggjast vekt på kriteria som er nemnde nedanfor.  Alle kriteria skal ikkje stettast, men det er ønskjeleg at prisvinnaren viser positive resultat innanfor alle tre hovudområda.  Det er til dømes ikkje nok at sosiale forhold er lagt vekt på utan at ein samstundes kan vise til positive resultat innan dei andre områda.

 

Fagleg-pedagogiske kriterium:

 

Klarleik:

Mål, fag- og undervisningsplanar er ikkje berre klart uttrykte, men også realistiske og blir nytta aktivt i undervisning og studiearbeid.

Forpliktingar:

Studieopplegg og undervisning er lagt opp med tanke på effektivt studiearbeid, mellom anna ved at lærarar og studentar har avtalar om gjensidige forpliktingar og tilgjenge.

Studentaktivisering:

Studium og undervisning er lagt opp slik at studentane skal ta ansvar for eige studiearbeid og ha ei aktiv rolle i undervisninga.

Studenten i sentrum:

Studentar, både som enkeltpersonar og som gruppe, er viktige samarbeidspartnarar i læring og undervisning.

Forskingsbasert undervisning:

Undervisninga held høgt fagleg nivå, til dømes gjennom lærarane sitt eige FoU-arbeid eller ved at studentane blir introduserte til og deltek i forskings- og utviklingsarbeid.  Arbeidet kan gjerne vere relatert til næringsliv (t.d. utdanninga sin samfunnsmessige relevans) og praksisfelt (t.d. utvikling av samarbeidsformer med praksisfeltet).

 

 

Sosiale kriterium:

 

Trivsel:

Læringsmiljøet blir opplevd som imøtekomande og inkluderande og som eit spanande møte med engasjerte fagpersonar.  Det blir lagt vekt på tiltak i samband med sosialisering og motivering av nye studentar.

Samarbeid:

Miljøet er prega av samarbeid, fellesskap og solidaritet, både lærarane imellom og mellom lærarar, studentar og andre tilsette.

Kommunikasjon:

Miljøet er prega av open kommunikasjon; ikkje nødvendigvis idyll, men med evne til konfliktregulering og konfliktløysing.

Fysisk miljø:

Ein har gjort det beste ut av dei fysiske vilkåra som eksisterer.

Identitet:

Tilhøring og identitet til miljøet blir opplevd av alle.

Prosess- og utviklingskriterium:

 

Vilje og evne til utvikling:

Det skal leggjast vekt på at miljøet er målmedvite og aktivt med omsyn til utvikling av læringsmiljøet, til dømes ved gjennomføring av konkrete tiltak innanfor desse områda:

Utvikling:

Miljøet viser vilje til vidareutvikling og kollektiv kompetanseoppbygging, fagleg, pedagogisk og sosialt. Miljøet viser også evne til å sjå faget/studiet/utdanninga frå tverrfaglege innfallsvinklar.

Evaluering:

Miljøet gjennomfører systematisk evaluering av studium, undervisning og fagleg verksemd, og dokumenterer vilje til å trekkje konsekvensar av resultata og til å drøfte dei med studentane.

Kvalifisering:

Miljøet satsar på vidareutvikling av internkompetansen (kvalifisering av dei tilsette), ikkje berre forskingsmessig og fagleg, men også vidareutvikling av pedagogiske kvalifikasjonar.