Mål for kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda
HVO sitt kvalitetssystem skal bidra til å verkeleggjere høgskulen sitt mål om å vere
Ein utviklingsorientert institusjon som i samarbeid og konkurranse med andre utdannings- og forskingsinstitusjonar driv utdanning, forsking, fagleg utviklingsarbeid og formidling med høg kvalitet.
Hovudmålet for kvalitetssystemet ved HVO er difor å bidra til ei kontinuerleg utvikling av studiekvaliteten. Eit godt utvikla kvalitetssystem skal medverke til at studentane gjennomfører studia på normert tid med tilfredsstillande resultat.
2.1 Kvalitetssystemet skal
-
synleggjere god kvalitet og avdekkje sviktande kvalitet
-
utvikle gode rutinar og arbeidsmåtar
-
fremje ein kvalitetsmedviten kultur
-
gi informasjon til leiinga og styret som grunnlag for avgjerder om prioritering og ressursfordeling
-
imøtekome krava til kvalitetssystem frå styremakter og tilsynsorgan
-
avklare kven som har ansvar for kva når det gjeld utviklinga av god studiekvalitet
-
bidra til å utvikle og forbetre studiekvaliteten, ikkje berre kontrollere
Arbeidet med betring av studiekvaliteten kan framstillast som ein prosess med fire fasar som stadig gjentek seg:
-
Planlegging:
Utarbeiding av mål for studium/emne og praktisk opplegg for undervisning, rettleiing og vurdering. -
Gjennomføring:
Undervisning, rettleiing og vurdering, samtidig med evaluering av framdrift og måloppnåing. -
Evaluering:
Analysar av resultat og tilbakemeldingar frå evalueringar med sikte på forbetringstiltak. -
Forbetring:
Revisjon av mål og undervisningsopplegg for studium/emne.
