«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Evaluering, rapportering og utvikling

5     Evaluering, rapportering og utvikling

God informasjonsflyt og tilbakeføringssløyfer er ein viktig del av kvalitetssystemet, då dette skal bidra til deling av kunnskap, læring og utvikling i organisasjonen. Rapportar og referat frå dei ulike evalueringstiltaka skal vere tilgjengelege for studentar og tilsette på eigna stad, t.d. nettsider eller Fronter. Dersom problemområde blir avdekte og melde vidare i systemet, skal det givast skriftleg tilbakemelding på kva som er gjort/vil bli gjort og kven som har ansvar for oppfølging. 

Under punkt 5.2. står nærare omtale av rapporterings- og tilbakemeldingsrutinane.

5.1 Omtale av sentrale evalueringstiltak


5.1.1        Studiekvalitetsutval i avdelinga/avdelingsråd

Studiekvalitetsutvalet/avdelingsrådet skal vere samansett av representantar frå studentar, fagmiljø og administrasjon i avdelinga. Det skal vere  eit formelt organ som drøftar og følgjer opp saker knytt til studiekvalitet på tvers i avdelinga.

5.1.2        Fagutval for studieprogram

Fagutvala skal vere bindeleddet mellom studentane og fagansvarlege på studieprogram. Fagutvala skal gi høve til å diskutere emne- og studieplanar, gjennomføringa av studiet, og å kome med tilbakemeldingar på studieopplegget.

Arbeidet med fagutval går fram av retningslinene for fagutval. Alle fleirårige studieprogram skal ha eit fagutval, og utover dette vel avdelinga sjølv struktur for fagutvalsarbeidet og om ein vil ha andre/fleire fagutval i avdelinga. Fagutvala skal vere samansett av både studentar og fagtilsette, og det skal vere minst eitt møte pr. semester.

Godkjende referat frå møte i fagutvalet skal sendast til dekan for fortløpande vurdering og eventuell vidare oppfølging.

5.1.3        Utdanningssamtalar / Utdanningsplanar

Utdanningsplanen skal leggje til rette for at studentane kjem gjennom studiet på normert tid, og skal omhandle rettleiing, informasjon og studieplanlegging. Utdanningsplanane skal sikre eit tettare og meir forpliktande forhold mellom institusjonen og den einskilde studenten. Utdanningsplanen skal vere eit verktøy for begge partar i planlegginga og gjennomføringa av eit studieprogram.

Studentar ved studium på 60 studiepoeng eller meir får ved studiestart oppnemnt ein utdanningsrettleiar. Tidleg i første semesteret skal utdanningsrettleiaren gi tilbod om ein utdanningssamtale, individuelt eller gruppevis. Seinare i studieløpet bør partane gjennomføre ein rettleiingssamtale kvart semester, individuelt eller i gruppe.

Gjennomføring av utdanningssamtalar går fram av retningslinene for utdanningsplanar. Tidspunkt følgjer oppsett i kalender for studieåret for studentar.

 

5.1.4        Evaluering av studieprogram

Studieprogramevalueringa skal gi studentar og studieprogramansvarlege høve til å gi tilbakemelding om opplegget for og gjennomføringa av kvart studieprogram. Denne evalueringa gjeld berre studieprogram på 60 studiepoeng eller meir.

Strategisk studienemnd peikar ut dei studieprogramma som skal ha ei ekstern evaluering. Strategisk studienemnd peikar også ut tema for evalueringa. Når det ikkje er ekstern programevaluering, skal det gjennomførast ei enklare form for internevaluering. Denne byggjer på emneevalueringane som inngår i programmet, sensorrapportar og eventuelt supplerande evalueringselement som fagmiljøet initierer. All evaluering skal danne grunnlag for systematisk analyse, faglege drøftingar og eventuelle forbetringar av studiekvaliteten.

Den studieprogramansvarlege oppsummerar alle tilbakemeldingane og drøftar resultata saman med dei emneansvarlege innanfor programmet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, dannar grunnlag for ein skriftleg rapport. Rapporten bør også innehalde kommentarar til emneevalueringane for dei emna som inngår i studieprogrammet (sjå nedanfor).

Dekanen analyserer alle studieprogramrapportane og utarbeider ein studiekvalitetsrapport for heile avdelinga. Denne vert først lagt fram for studiekvalitetsutvalet i avdelinga/avdelingsrådet og blir sakshandsama der. Deretter går rapporten vidare til Strategisk studienemnd. Rapporteringa følgjer studieåret.

Resultatet av evalueringane skal gjerast kjent for studentane.

Felle ph.d-grad med Høgskolen i Molde:
Dette studieprogrammet blir evaluert i tråd med kvalitetssystemet til Høgskolen i Molde.

5.1.5        Evaluering av emne

Emneevalueringa skal gi studentar og emneansvarlege høve til å gi tilbakemelding om opplegget for og gjennomføringa av kvart emne.

Den emneansvarlege oppsummerar tilbakemeldingane og drøftar resultata i fagmiljøet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, vert formulert i ein kort rapport som går til den studieprogramansvarlege (sjå ovanfor).

5.1.6        Kvalitetssikring av nye studieprogram og emne

Fagfellevurdering

Fagfellevurdering av nye studie- og emneomtalar er innført for å sikre ei ekstern vurdering av nye studietilbod. Alle nye studie- og emneomtalar på 15 studiepoeng eller meir skal vurderast av to eksterne fagkollegaer frå to ulike institusjonar i forkant av godkjenninga av studiet/emnet. Fagkollegavurderingane skal leggjast ved avdelinga sin søknad og  saksutgreiing om godkjenning av nye emne- og studieplanar.

Prosedyre for utarbeiding, utforming og godkjenning av studie- og emneplanar går fram av retningslinjer for emne- og studieplanarbeid.

Ekstern vurdering

Alle nye emne skal i tillegg til dei vanlege evalueringstiltaka ha minst ein ekstern sensor ved første gongs eksamensavvikling.

5.1.7        Spørjeundersøking om studiestart

HVO ønskjer å få tilbakemeldingar om kor godt ein lukkast med å nå fram med god og relevant studieinformasjon, kvaliteten på denne og mottakinga studentane får ved semesterstart. Kvar haust gjennomfører informasjonskontoret ei spørjeundersøking om semesterstart til alle (førsteårs-) studentar på grunnstudium. Spørsmåla i undersøkinga blir stilt slik at resultata skal vere samanliknbare, og undersøkinga gir dermed eit godt grunnlag for å vurdere utvikling i tenestene våre og til å setje i verk forbetringstiltak.

5.1.8        Intern evaluering av studiestart

HVO har utarbeidd ein overordna plan for studiestart og studentmottak. Strategisk studienemnd evaluerer studiestarten kvar haust.

5.1.9    Meldingsteneste for studentar

På heimesida for studentar er det ei meldingsteneste der studentar kan gi ris eller ros til HVO om saker som fell utafor dei vanlege evalueringstiltaka. Studiedirektøren er ansvarleg for å vedlikehalde og følgje opp innspel som blir meldt inn.

 

5.2    Rapportar frå studieprogram-/emneansvarlege og avdeling


5.2.1    Grunnlagsrapportar

Fagutvalsreferat

Det skal skrivast referat frå møte i fagutval som skal publiserast for studentar og fagtilsette på eigna stad (Fronter eller nettside).

Evaluering av studieprogam

Studieprogramansvarleg skriv ein samlerapport for sitt studieprogram (jf. 5.1.4). Rapporten skal leggast fram i avdelinga sitt studiekvalitetsutval/avdelingsråd for vidare handsaming. Rapporteringa følgjer studieåret.

 

Evaluering av emne

Emneansvarlege skriv ein kort rapport for kvart emne og sender den til studieprogram-ansvarleg for programmet emnet høyrer til. Emnerapportane kan leggast fram i fagutvala på studieprogramnivå. Rapporteringa følgjer studieåret.

 

Ekstern evaluering av studieprogram

Strategisk studienemnd peikar kvart år ut studieprogram på minst 60 studiepoeng som skal ha ekstern evaluering. Studieprogramansvarleg og dekan har ansvar for å samanfatte ein rapport som skal hansamast i studiekvalitetsutvalet i avdelinga. Strategisk studienemnd skal ha rapporten til orientering.  

 

Sensorrapport

Ved ekstern sensur skal den eksterne sensoren utarbeide ein sensorrapport som skal leggjast ved sensurlista. I forskrift om studium og eksamen er det beskrive kva rapporten skal innehalde. Etter innføring av kvalifikasjonsrammeverket bør det også givast ei vurdering av eksamensoppgåvene i høve til læringsutbyttet for emnet.  

 

5.2.2        Avdelingsvise rapportar om studiekvalitet

Kvar dekan utarbeider for kvart studieår ein rapport om studiekvalitet på grunnlag av studieprogramrapportane. Rapporten følgjer studieåret og skal – etter handsaming i avdelinga sitt studiekvalitetsutval/avdelingsråd - sendast til Strategisk studienemnd innan 1. oktober.

Dei avdelingsvise rapportane skal

  • gi ei vurdering av studiekvaliteten ved avdelinga, og eit oversyn over resultat og tiltak

      i kvalitetsarbeidet

  • gi ei vurdering av kvalitetsarbeidet som grunnlag for ressursstyring og prioriteringar

     (menneskelege ressursar, infrastruktur, rammevilkår)

  • identifisere eventuelle problem som avdelinga ikkje kan løyse åleine.
  • gi ei samla evaluering av undervisninga og utdanningstilbodet ved avdelinga.

 

5.2.3 Årsrapport om studiekvalitet

Strategisk studienemnd utarbeider ein årsrapport om studiekvalitet på grunnlag av:

  • Avdelingsvise rapportar om kvalitetsarbeidet
  • Oppsummering av studiestartundersøkinga
  • Statistikk frå målområda rektrutterings-, informasjons- og studentmottaks-, ramme-, program- og resultatkvalitet
  • Rapport frå Læringsmiljøutvalet (LMU)

Årsrapporten skal gi ei samla og overordna evaluering av studiekvaliteten ved institusjonen, og gi eit oversyn over opplegg og tiltak i kvalitetsarbeidet. Årsrapporten skal innehalde eventuelle framlegg om forbetringstiltak og prioritering av ressursar til dei framlagde tiltaka og korleis desse skal følgjast opp.

Årsrapporten følgjer studieåret. Den skal leggjast fram for høgskulestyret tidsnok til at resultata i rapporten kan innarbeidast i budsjettet og årsplanane for komande år.