«Kunnskap for framtida»

Evaluering, rapportering og utvikling

5.1 Omtale av sentrale evalueringstiltak

5.1.1 Fagutval

Fagutvala skal vere bindeleddet mellom studentane på eit emne eller studieprogram og dei programansvarlege. Fagutvala  skal gi studentane og dei programansvarlege høve til å diskutere fagplanar og studieplanar og gjennomføringa av studium, og gi studentane høve til å kome med tilbakemeldingar på studieopplegget.

Arbeidet med fagutval går fram av retningslinene for fagutval. Alle studentar skal knytast til eit fagutval, og kvar avdeling avgjer strukturen i fagutvalsarbeidet ved si avdeling. Fagutvala skal vere samansett av både studentar og fagtilsette, og det skal vere minst to møte pr. semester.

Godkjende referat frå møte i fagutvalet skal sendast til programansvarleg(e) og dekan for fortløpande vurdering og eventuell vidare oppfølging.

5.1.2 Utdanningssamtalar / Utdanningsplanar

Utdanningsplanen skal leggje til rette for at studentane kjem gjennom studiet på normert tid, og skal omhandle rettleiing, informasjon og studieplanlegging. Utdanningsplanane skal sikre eit tettare og meir forpliktande forhold mellom institusjonen og den einskilde studenten. Utdanningsplanen skal vere eit verktøy for begge partar i planlegginga og gjennomføringa av eit studieprogram.

Studentar ved studium på 60 studiepoeng eller meir får ved studiestart oppnemnt ein utdanningsrettleiar. Tidleg i første semesteret vil utdanningsrettleiaren kalle inn nye studentar  til ein samtale, individuelt eller gruppevis. Seinare i studieløpet pliktar partane å gjennomføre (minst) ein rettleiingssamtale om utdanningsplanen innan 15. november i haustsemesteret og 15. april i vårsemesteret, individuelt eller i gruppe.

Gjennomføring av utdanningssamtalar går fram av retningslinene for utdanningsplanar.

5.1.3 Evaluering av studieprogram

Studieprogramevalueringa skal gi studentar og studieprogramansvarlege høve til å evaluere og gi tilbakemelding om opplegget for og gjennomføringa av kvart studieprogram. Denne evalueringa gjeld berre studieprogram på 60 studiepoeng eller meir.

Strategisk studienemnd peikar ut dei studieprogramma som skal ha ei ekstern evaluering. Strategisk studienemnd peikar også ut tema for evalueringa. Når det ikkje er ekstern programevaluering, skal det gjennomførast ei enklare form for internevaluering. Denne byggjer på emneevalueringane som inngår i programmet, sensorrapportar og eventuelt supplerande evalueringselement som fagmiljøet initierer. All evaluering skal danne grunnlag for systematisk analyse, faglege drøftingar og eventuelle forbetringar av studiekvaliteten. Resultatet av evalueringane skal gjerast kjent for studentane.

Den studieprogramansvarlege oppsummerar alle tilbakemeldingane og drøftar resultata i fagmiljøet, som så gjev sine vurderingar av evalueringa. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, vert formulert i ein skriftleg rapport. Rapporten for eit studieprogram bør også innehalde kommentarar til emneevalueringane for dei emna som inngår i studieprogrammet (sjå nedanfor). Dekanen analyserer alle studieprogramrapportane og utarbeider ein studiekvalitetsrapport for heile avdelinga. Avdelingsrapporten går vidare til Strategisk studienemnd. Rapporteringa følgjer studieåret.

5.1.4 Evaluering av emne

Emneevalueringa skal gi studentar og emneansvarlege høve til å gi tilbakemelding om opplegget for og gjennomføringa av kvart emne. Emneevalueringa bygger på fagutvalsmøte og eventuelle supplerande evalueringstiltak, til dømes spørjeundersøking mellom studentar, sensorrapportar m.m. Poenget er at grunnlaget for evalueringa må vere dokumentert.

Den emneansvarlege oppsummerar tilbakemeldingane og drøftar resultata i fagmiljøet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, vert formulert i ein kort rapport som går til den studieprogramansvarlege (sjå ovanfor).

5.1.5 Kvalitetssikring av nye studieprogram og emne

Fagkollegavurdering

Fagkollegavurdering av nye studie- og emneomtalar er innført for å sikre ei ekstern vurdering av nye studietilbod. Alle nye studie- og emneomtalar på 15 studiepoeng eller meir skal vurderast av to eksterne fagkollegaer frå to ulike institusjonar i forkant av godkjenninga av studiet/emnet. Fagkollegavurderingane følgjer avdelingane si saksutgreiing til studieutvalet ved godkjenning av emne- og studieomtalar.

Prosedyre for utarbeiding, utforming og godkjenning av studie- og emneomtalar går fram av retningslinene for emne- og studieplanarbeid.

Ekstern vurdering

Alle nye emne skal i tillegg til dei vanlege evalueringstiltaka ha minst ein ekstern sensor.

5.1.6 Spørjeundersøking om studiestart

HVO ønskjer å få tilbakemeldingar om kor godt ein lukkast med å nå fram med god og relevant studieinformasjon, kvaliteten på denne og mottakinga studentane får ved semesterstart. Kvar haust arrangerer informasjonskontoret difor ei spørjeundersøking om semesterstart til alle (førsteårs-) studentar på grunnstudium. Spørsmåla i undersøkinga blir stilt slik at resultata skal vere samanliknbare, og undersøkinga gir dermed eit godt grunnlag for å vurdere tenestene våre og setje i verk forbetringstiltak.

5.1.7 Intern evaluering av studiestart

HVO har utarbeide ein overordna plan for studiestart og studentmottak. Strategisk studienemnd evaluerer studiestarten kvar haust.

5.1.8 Meldingsteneste for studentar

På heimeside for studentar er det ein meldingsteneste der studentar kan gi ris eller ros til HVO om saker som fell utafor dei vanlege evalueringstiltak. Studiedirektøren er ansvarleg for å vedlikehalde og følgje opp innspel som blir meldt inn.

5.2 Rapportar frå studieprogram-/emneansvarlege og avdeling

5.2.1 Grunnlagsrapportar

Fagutval

Godkjende  referat frå møte i fagutvala blir sende til programansvarleg(e).

Døme på referat.

Utdanningssamtalar/utdanningsplanar

Studentane sine utdanningsplanar blir registrerte i Studentweb.

Døme på utdanningssamtale.

Evaluering av studium

Studieprogramansvarlege skriv ein rapport for kvart evaluert studieprogram. Rapporten blir send til instituttet/seksjonen og avdelingsleiinga for vidare handsaming. Rapporteringa følgjer studieåret.

Døme på studieprogramevaluering.
Døme på studieprogramrapport.

Evaluering av emne

Emneansvarlege skriv ein kort rapport for kvart emne og sender den til studieprogramansvarleg for det programmet emnet høyrer til. Rapporteringa følgjer studieåret. Emnerapporten inneheld kommentarar om lærarkrefter, studentmengde/gjennomstrøyming og avvikande karaktermønster.

Døme på emneevaluering.
Døme på emnerapport.

Ekstern evaluering av studieprogram

Kvart studieprogram på minst 60 studiepoeng skal ha ekstern evaluering kvart femte år.

Moment for ekstern studieprogramevaluering.

Sensorrapport

Sensorrapporten inneheld mellom anna ei vurdering av eksamensoppgåvene i høve til læringsutbytte som går fram av kvalifikasjonsrammeverket.

Døme på sensorrapport.

5.2.2 Avdelingsvise rapportar om studiekvalitet

Kvar dekan utarbeider for kvart studieår ein rapport om studiekvalitet på grunnlag av rapportane frå dei studieprogramansvarlege. Rapportane følgjer studieåret og skal sendast til Strategisk studienemnd innan 1. oktober.

Dei avdelingsvise rapportane skal

  • gi ei vurdering av studiekvaliteten ved avdelinga, og eit oversyn over resultat og tiltak i kvalitetsarbeidet
  • gi ei vurdering av kvalitetsarbeidet som grunnlag for ressursstyring og prioriteringar (menneskelege ressursar, infrastruktur, rammevilkår)
  • identifisere eventuelle problem som avdelinga ikkje kan løyse åleine.

Den avdelingsvise rapporten skal gi ei samla evaluering av undervisninga og utdanningstilbodet ved avdelinga. Døme på rapport finn du her…..

5.2.3 Årsrapport om studiekvalitet

Strategisk studienemnd utarbeider ein årsrapport om studiekvalitet på grunnlag av

  • Avdelingsvise rapportar om kvalitetsarbeidet
  • Oppsummering av studiestartundersøkinga
  • Rapport frå læringsmiljøutvalet
  • Rapport frå internasjonalt utval
  • Statistikk frå målområda opptaks-, ramme-, program- og resultatkvalitet

Årsrapporten skal gi ei samla og overordna evaluering av studiekvaliteten ved institusjonen, og gi eit oversyn over opplegg og tiltak i kvalitetsarbeidet. Årsrapporten skal innehalde eventuelle framlegg om forbetringstiltak og prioritering av ressursar til dei framlagde tiltaka og korleis desse skal følgjast opp.

Årsrapporten følgjer studieåret. Den skal leggjast fram for høgskulestyret tidsnok til at resultata i rapporten kan innarbeidast i budsjettet og årsplanane for komande år.