«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Studieprogramrapportering

I kvalitetsystemet for HVO står følgjande:

Spørjeundersøkingar for studium

Studieprogramevalueringa skal gi studentar og studieprogramansvarlege høve til å vurdere og gi tilbakemelding om opplegget for og gjennomføringa av kvart studieprogram. Ei spørjeskjemaundersøking for kvart studieprogram gir programansvarlege og studentar eit utgangspunkt for dialog om studieopplegg og studiekvalitet, og dannar grunnlag for forbetringar av studiet. Denne evalueringa gjeld berre studieprogram på 60 studiepoeng eller meir.

Kvar gong eit studieprogram er gjennomført blir det sett i verk ei spørjeundersøking blant studentane på studiet. Spørjeskjemaet er felles for alle studium og inneheld kommentarboksar for kvart spørsmål. Studentane kan velje å vere anonyme i undersøkinga. Den studieprogramansvarlege og studentgruppa diskuterer resultata av spørjeundersøkinga etter at den er gjennomført, der det er praktisk mogleg (korleis dialogen skal gjennomførast er opp til den studieprogramansvarlege å avgjere).

Den studieprogramansvarlege oppsummerer tilbakemeldingane med sikte på forbetringstiltak og gir si vurdering av resultata i ein kort skriftleg rapport. Rapporten for eit studieprogram bør også innehalde kommentarar til emneevalueringane for emna som kan gå inn i studieprogrammet (sjå nedanfor). Avdelinga samlar inn rapportar for alle studieprogramma og legg dei fram for studiekvalitetsutvalet ved avdelinga. Rapporteringa følgjer studieåret.

Mal for studieprogramrapport 

Frå studieprogramansvarleg/seksjonsleiar til dekan og studiekvalitetsutval på avdelinga ved slutten av studieåret

  • studieprogramnamn
  • studieprogramansvarleg
  • dato
  • oppsummering av resultat av studentane si studieprogramevaluering
  • oppsummering av innhaldet i emnerapportane til emna som inngår i programmet
    • kommentarar/grunngjevingar
  • oppsummering av eventuelt fagutval sitt arbeid på studieår/studieprogramnivå
    • kommentarar/grunngjevingar
  • studieprogramansvarleg si vurdering av gjennomføringa av studiet ut i frå studieplanen sine mål og innhald
    • Oppsummering frå utdanningssamtalar, klassemøter/andre fagspesifikke fora etc.
  • forbetringsstiltak/planrevisjon

Rapporten bør vere på inntil 3-5 sider.


Last ned dette dokumentet som PDF | DOC | ODT