«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Kvalitetsarbeid ved Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda sitt ansvar for studiekvalitet byggjer på Studiekvalitetsutvalet [1] ("Handalutvalet") sin definisjon av studiekvalitet, som omfattar fire hovudelement: opptakskvalitet (forkunnskapar og andre føresetnadar hos studentane), rammekvalitet (ressursar, strukturar, organisering, reglar m.m.), programkvalitet (faktorar knytte til undervisninga, studietilboda, kunnskapskontrollen) og resultatkvalitet (studentane sine prestasjonar, kandidatane sin suksess på arbeidsmarknaden).

Studiekvaliteten ved HVO er fyrst og fremst avhengig av og tett kopla opp mot våre faglege tilsette. Grundige kommisjonsvurderingar ved tilsetting og forskingsbasert undervisning skal borge for god kvalitet i utdanningane.

Studiekvalitetsarbeidet ved HVO er også tett kopla med implementering av Kvalifikasjonsrammeverket i alle studie- og emneplanar.

HVO har valt å konsentrere seg om kvalitetsarbeid knytt til følgjande hovudtema:

  • Mål for kvalitetsarbeidet
  • Organisering, ansvar og medverknad
  • Evalueringstiltak knytte til dei fire hovudelementa i kvalitetssystemet
  • Systematisk innhenting og bruk av informasjon og andre data som gir kunnskap om hovudelementa ved studiekvaliteten


1 Studiekvalitet. Innstilling frå Studiekvalitetsutvalet gitt til Utdannings- og forskingsdepartementet 9. juni 1990.

Revidert versjon av kvalitetssystemet vart vedteken av høgskulestyret 27. januar 2011.  

Her kan du laste ned heile dokumentet
Regelverk ved Høgskulen i Volda finn du under studentsidene