«Kunnskap for framtida»

Retningslinjer og rutinar ved sjukefråvær ved Høgskulen i Volda

Rutinar sjukefraver (last ned som word.dokument)

Første dag
Arbeidstakaren melder frå om sjukefråværet til sentralbordet eller næraste overordna, som fyller ut del 1 av eigenmeldingsskjemaet og sender melding vidare til personalkontoret.

Innan 2 veker
Næraste overordna eller annan representant for arbeidsgjevaren kontaktar den sjukmelde.

Merksemd i form av ei blomsterhelsing e.l. vert vurdert.

Innan 3 veker
Næraste overordna orienterer bedriftshelsetenesta om sjukefråvær som vil kunne vare ei viss tid.

Innan 4 veker
Dersom den administrative leiaren ikkje er identisk med næraste overordna, blir ho/han orientert om den sjuke sin situasjon. Administrativ leiar inviterer den sjukmelde til samtale, der m.a. følgjande moment blir tekne opp:

Om det er ønskjeleg at arbeidsgjevaren yter noko form for bistand i den aktuelle situasjonen eller tilrettelegging på arbeidsplassen

Dersom bistand er ønskjeleg, må det avtalast korleis dette kan skje.

Den sjukmelde blir informert om sine rettar og kva arbeidsgjevaren si vidare oppfølging vil innebere.

Avklare korvidt fråværet skuldast tilhøve på arbeidsplassen

Administrativ leiar vurderer korvidt saka på dette tidspunktet formelt bør oversendast til bedriftshelsetenesta.

Innan 8 veker
Ein individuell oppfølgingsplan blir utarbeidd av næraste overordna i samarbeid med den sjukmelde og eventuelt bedriftshelsetenesta.

Oppfølgingsplanen skal innehalde:

Ei vurdering av arbeidstakaren sine arbeidsoppgåver i høve til funksjonsevne (kva arbeidstakaren kan gjere/ikkje kan gjere)

Skildring av tiltak for tilrettelegging som verksemda kan gjere i fysiske, organisatoriske og psykososiale tilhøve for at arbeidstakaren skal kunne kome tilbake i arbeid, m.a. undersøkje kva høve den sjukmelde har for arbeid utanfor eiga arbeidseining

Aktuelle tiltak med bistand frå det offentlege (trygdeetat, Aetat)

Plan for vidare oppfølging (tidsaspektet, kven som har ansvaret for oppfølging)

Dei tiltaka som er valde, bør grunngjevast. Andre aktuelle tiltak bør eventuelt vurderast. Det er eit gjensidig ansvar at planen er realistisk og i samsvar med medisinske vurderingar og at den blir justert undervegs.

Oppfølgingsplanen skal ikkje innehalde opplysningar om følsame forhold, diagnose eller medisinske tilhøve, med mindre arbeidstakaren ønskjer det.

Arbeidstakaren har høve til å ta med seg tillitsvalt eller annan rådgjevar ved utarbeiding av oppfølgingsplanen.

Det skal snarast mogleg avklarast om og i så fall på kva måte den sjukmelde kan bli kvalifisert til nytt arbeid/stilling ved HVO.

Etter 12 veker
Bedriftshelsetenesta blir kopla inn, vurderer saka og sender tilbakemelding til administrativ leiar via personalsjefen. Dersom tilrådinga frå bedriftshelsetenesta gir grunnlag for det, blir attføringsutvalet kalla inn. Ei definert attføringssak skal fremjast på vegner av den det gjeld av vedkomande HMS-ansvarleg – i samarbeid med bedriftshelsetenesta og gjennom attføringsutvalet.

I samråd med den sjuke og vedkomande administrative leiar blir det teke stillin g til kva som vidare bør skje. M.a. kan følgjande vurderast:

Aktuelle attføringstiltak som

- tilrettelegging av arbeidsplass/arbeidsoppgåver

- tilrettelegging av arbeidstrening

- omplassering

- omskolering/aktuelle kvalifiseringstiltak

- aktiv sjukmelding

Kombinasjon arbeid/trygd

Tilvising til attføringsbistand utanfor verksemda, dersom saka ikkje kan løysast internt

Rapport til arbeidsmiljøutvalet om uheldige arbeidstilhøve

Dersom situasjonen for den sjukmelde tilseier det, og han/ho sjølv ønskjer det, deltek den sjukmelde i basisteam i regi av det lokale trygdekontoret i denne fasen.

Etter 6-8 månader
Personalkontoret sender brev til den sjukmelde etter om lag 8 månader med informasjon om rettar, tidsfristar og vidare oppfølgingsarbeid. Næraste overordna har ansvar for at korrekt informasjon blir gitt, eventuelt for at ekstern kompetanse blir trekt inn.

Arbeidsgjevaren fyller ut sin del av registreringsskjema på skjemaet "Søknad om uførepensjon" frå

Statens Pensjonskasse (SPK). Brosjyre og søknadsskjema blir sendt til den sjukmelde, som sjølv, saman med lege, er ansvarleg for å sende inn søknaden til Statens Pensjonskasse. Pensjonsmeldingsskjema blir sendt til SPK. På grunn av lang behandlingstid i Statens Pensjonskasse bør dette ikkje sendast inn seinare enn etter 8 månaders sjukmelding.

Etter 8-12 månader
Arbeidsgjevaren gjer den sjukmelde merksam på at det er høve til å ha permisjon utan løn i eitt år, dersom vedkomande får innvilga uførepensjon eller er på rehabiliteringstiltak.

Etter 1 år
Uførepensjon frå Statens Pensjonskasse (SPK) blir sett i verk. Pensjon blir alltid sett i gang frå den

1. i månaden etter maksdato. Permisjon utan løn i inntil eitt år startar.

Ved friskmelding
Når den sjukmelde er tilbake i arbeid, må det leverast friskmelding snarast råd. Personalkontoret gir orientering om opptening av nye sjukelønsrettar.

Innan 2 år
Ny vurdering av status: rehabilitering/permisjon/oppseiing

Nyttig brosjyre (frå Parat media)