«Kunnskap for framtida»

Arbeidsmiljøutvalget (AMU) ved Høgskulen i Volda (HVO) skal verke for gjennomføring av eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø ved HVO , delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet, og følgje med i utviklinga i saker som vedkjem medarbeidarane si sikkerheit, helse og velferd.

  

AMU er samansett av fire represententantar frå arbeidsgjevarsida og fire frå arbeidstakarsida. Hovedverneombudet skal vere ein av arbeidstakerne sine representanter i utvalget og har stemmerett. I tillegg har bedriftshelsetenesta og verneomboda møte- og talerett. Læringsmiljøutvalet fungerer som "arbeidsmiljøutval" for studentane.

 

Arbeidsmiljøutvalget si verksemd og oppgåver er forankra i arbeidsmiljølova § 7 og i Forskrift om verneombud og arbeidsmiljøutvalg, § 5-14.

 

Arbeidsmiljøutvalget avgjer sjølv kor ofte det skal halde møte. Det skal normalt haldast 4 møte pr. år. Om minst to utvalsmedlemmar krev det, skal arbeidsmiljøutvalget halde møte. Utvalget tek opp spørsmål på eige initiativ eller etter ønskje fra eit verneombod. Alle arbeidstakarar kan også vende seg til utvalet med eit arbeidsmiljøproblem. 

Det skal skrivast referat frå møta i arbeidsmiljøutvalet. Ved røystingar skal både fleirtalet og mindretalet sine standpunkt protokollførast.

Konsulent og sakshandsamar i HMS-saker Sølvi Anne Vorren Løset  er sekretær i utvalet.