«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Avdeling for Samfunnsfag og Historie

ASH er ei av fire fagavdelingar ved Høgskulen i Volda. Avdelinga vart oppretta ved samanslåinga av Distriktshøgskulen og Lærarhøgskulen i 1994. Historisk institutt og samfunnsfag i lærarutdanninga kom til ved omorganiseringa i 2007.

Personalet
Personalet består av omlag 50 tilsette i stillingar på ulike fagfelt. ASH er involvert i ei rekkje forskings- og utviklingsprosjekt.

Studietilbod
Avdelinga gir fag-, profesjons- og vidareutdanningar innan sosialfag, offentleg administrasjon og samfunnsplanlegging, historie og lærarutdanning. Du kan lese meir om studia våre ved å klikke deg inn på institutta i venstremargen.

Dekan
Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga. Dekan er Ketil Jarl Halse.

Alle institutta held til i Hans Strøm-huset.

Fagmiljøet ved avdelinga er organisert i tre grunneiningar:

Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag

Institutt for sosialfag

Historisk institutt 

Studentmiljø
Nyleg vart Volda kåra til ein av Noreg sine beste studieplassar på grunn av studentmiljøet. Klikk her for å sjå filmar om Volda som studiestad.

Internasjonalisering
Høgskulen i volda satsar stort på internasjonalisering. Ønsker du å reise ut? Klikk her for meir informasjon om internasjonalisering. Der finn du også kontaktinformasjon. Ved avdelinga har vi ein eigen internasjonal koordinator. Ho heiter Nathalie Homlong.

Interessert i å søke opptak? Ta kontakt med vårt sørvistorg for å få søknadsskjema. Eller klikk her for å bestille årets studiekatalog.

Vi vonar du finn det du er på leit etter, i motsett fall kan du nå oss på elektronisk post: ked@hivolda.no
Denne adressa kan du bruke for å melde frå om feil eller inaktive lenker.