«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Grunnutdanning/ Bachelor

På Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) tilbyr vi ein bachelorgrad i planlegging og administrasjon. Det første året i bachelor-graden kan også takast som eit eige årsstudium: årsstudium i samfunnsvitskap.

Med ein Bachelor i planlegging og administrasjon kan du velge mellom mange ulike yrke. Studiet gir deg ikkje berre ei forståing av korleis samfunnet endrar seg, men lærar deg også korleis du kan vere med å påverke framtida. Dette er ei grunnutdannning på tre år, samansett av mange spanande modular.

Bachelorstudiet gir deg ei innføring i samfunnsvitskap, offentleg administrasjon og samfunnsplanlegging. Sentrale fagområde i utdanninga er sosiologi, samfunnsplanlegging, økonomi, statsvitskap og jus. Utdanninga er både tverrfagleg og yrkesretta. Du får eit fagleg grunnlag til å drive med plan - og utviklingsarbeid og du får kjennskap til lover og regelverk i administrativ verksemd. 

Internasjonalisering
Andre studieåret i bachelorløpet er valfritt. Dermed kan du også ta eit semester i utlandet!
Les meir om utanlandsopphald

Bachelorgrada i administrasjon og leiing kvalifiserar for opptak til mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda, og også til andre mastergradsstudium i Norge og i utlandet.  For å lese meir om mastergrada klikk her.

Er du interessert i å søke opptak? Ta kontakt med vårt sørvistorg for å få søknadsskjema.

Du kan også kontakte studiekoordinator Ann-Iren Høgalmen på T: 70 07 51 37 eller på e-post: ann-iren.hogalmen@hivolda.no