«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Kven sparar mest? Enøk- konkurransen mellom 6. klassane er i gang

 

Klimakutt Møre. I klimaplanane har kommunane fokus på klimatiltak på område som enøk, avfall og forbruk, transport, landbruk og private/næringsliv. Gjennom prosjektet Klimakutt Møre har kommunane Hareid, Herøy, Hornindal, Sande, Ulstein, Vanylven, Ørsta og Volda valt å samarbeide om å sette i verk ei rekke av tiltaka innafor alle desse områda. Dei neste to åra vil vi først og fremst arbeide med enøk. Våren 2009 var det arbeidet med lokal eklimaplanar for kommunane på Søre Sunnmøre og Hornindal ferdige. Kommunane samarbeidde i eit nettverk der fordelane var erfaringsutveksling, felles fagleg oppdatering m.v. Gjennom vedak av planar er det vist politisk vilje til å bidra til å redusere dei globale klimaproblema gjennom lokale tiltak.

Enøk i klimakommunar  Prosjektet Enøk i klimaplankommunar skal dei neste to åra bidra til å realisere målet om å redusere samla energibruk med 15 %, tilsvarande 9 GWh/år.  I tillegg skal det leggast vekt på eit godt inneklima og ein miljøvenleg energibruk. Gode erfaringar med  samarbeid i nettverk gjer at kommunane også ynskjer å gjennomføre fellestiltak som effektiviserar og forenklar tiltaksgjennomføringa. Støtte frå Enova har vore avgjerande for å sette i gang med enøk-arbeidet.

     


Tips ein ven om denne sida:

Kommentar
Mottakaren sin e-post Din e-post