«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Spørsmål og svar

Her har vi samla nokre spørsmål som ofte vert stilt under søknadsperioden.

      HØGSKULEN OG AVDELING FOR MEDIEFAG

       Kvar ligg Høgskulen i Volda og kvar held mediefagsstudentane til?

 

Høgskulen i Volda ligg sentralt i Volda, halvannan time søraust for Ålesund. Sjå kart over høgskuleområdet. Avdeling for mediefag held for det meste til på Aasen- og Strøm-bygget, samt nokre førelesningar på Berte Kanutte-bygget. På Aasen og Strøm-bygget har studentane tilgong til redaksjonslokale, tv-studio, radiostudio, og eigne datarom 24 timar i døgnet. Animasjonsstudentane har også moglegheit til å utfolde seg kreativt i høgskulens eigne animasjonslokale.

 


       Korleis er det med innpassing av emne frå anna utdanning?

 

Dersom du har utdanning du trur passar inn i utdanninga du går i Volda, kan du søkje om innpassing. Det er enklast å få innpassing i valfrie delar av studiet, og studieplanen for utdanninga di viser kvar det er rom for dette. Du kan også få fritak for obligatoriske delar av utdanninga, på grunnlag av tilsvarande emne du har frå før. Det er viktig at slike søknadar vert dokumentert med studieplan eller liknande, slik at ein har eit godt grunnlag for vurdering av søknaden.

 


       Kvar kan eg reise på utveksling? Når kan eg reise?

 

Høgskulen i Volda har samarbeidsavtalar med over 50 skular rundt om i heile verda. Som mediefagstudent har du mange moglegheiter, enten du vil til solfylte Hawaii eller eksotiske India. Les meir om utveksling her.

 

 

       Kor stor er avdeling for mediefag? Kor mange kjem inn på kvart studium?

 

Avdeling for mediefag har om lag 250 studentar. Kor mange som kjem inn på kvart studium kan du lese her.


       Må eg skrive nynorsk når eg er student ved Høgskulen i Volda?

 

Nei, det er heilt opp til deg å velje kva for målform du vil bruke.


       Eg har høyrt at avdelinga er flink til å ta inn gode forelesarar. Kan dykk gje nokre døme på desse?

 

Jon Sopel – nyheitsanker og reporter i BBC
Alexandra Beverfjord – nyheitsredaktør i dagbladet
Kadafi Zaman – reporter TV 2 nyheitene
Elisabeth Eide – forfattar og førsteamanuensis ved Høyskolen i Oslo
Bjørn Hallvard Samset – klimaforskar CICERO
Magnus Borgen – kommunikasjonssjef Bellona
Ole Christian Apeland – administrerande direktør ved Apeland informasjon
Arnfinn Ingjerd – leiar Maritimt Forum
Nils E. Øy – generalsekretær ved  Norsk Redaktørforening
David Reiss-Andersen – filmskapar og regissør, medeigar i reklamefirmaet Pravda
Eirik Meyer Amundsen – produsent, fotograf og regissør, driv firmaet MEYER FILM
Yngvild Grotmol – skodespelar
Eirik Langås – strategirådgjevar ved firmaet Making Waves

 




      JOURNALISTIKK

       Kva yrke kan eg få når eg er ferdig utdanna?

 

Fullført utdanning opnar for sentrale stillingar innanfor presse, TV, radio og andre digitale mediar. Personar som tidligare har studert journalistikk ved Høgskulen i Volda arbeidar blant anna i NRK, TV2, VG, Dagbladet, Aftenposten og andre store mediebedrifter i landet.

 


       Kva er kravet for å komme inn på journalistikkutdanninga?

 

For å søkje krev det at du har generell studiekompetanse. Du kan lese meir om tidligare poenggrensar på Samordna Opptak her.


       Korleis fungerer praksisperiodane?

 

Det er fire periodar med obligatorisk praksis. I dei tre første periodane er det internpraksis, og studentane arbeider i øvingsmedia ved avdelinga; avis, fjernsyn, nettavis eller radio. I siste semester blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder. Praksisutplasseringa blir avtalt mellom faglærar og vedkomande medieverksemd, og fordelinga tek omsyn til studentane sine ønske. I praksisperiodane ved høgskulen vert det lagt vekt på rettleiing, evaluering og refleksjon rundt journalistiske problemstillingar. Studentane må fylgje oppsette vaktplanar og gjere dei oppgåvene dei blir tildelte. Studentane skal òg delta i evalueringa av studentproduksjonane. For å ha rett til ekstern praksisplass må studenten ha fullført alle eksamenar og obligatoriske oppgåver i journalistikk 101,102, 203 og medievitskap 111 og 112.

 


       Har du fleire spørsmål?

 

Send ein e-post til Jan Ytrehorn.

 



      PR, KOMMUNIKASJON OG MEDIA

       Kva yrke kan eg få når eg er ferdig utdanna?

 

Ei utdanning i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda kvalifiserar deg til å jobbe med kommunikasjon i offentleg og privat sektor. Aktuelle yrker er kommunikasjonsdirektør, informasjonskonsulent, informasjonssjef, kommunikasjonsrådgivar o.l. Studiet kan også opne for ein karriere innanfor marknadsføring, reklame og media.

 


       Kva er kravet for å komme inn på PR, kommunikasjon og media?

 

For å søkje krev det at du har generell studiekompetanse. Du kan lese meir om tidligare karaktersnittet på samordna opptak her.


       Korleis fungerer praksisperiodane?

 

PR-studiet legg stor vekt på samanhengen mellom teori og praksis. Heilt frå første semester gjennomfører studentane ulike praktiske øvingar og prosjekt. Det første året er det lagt opp til interne oppgåver, og seinare kan det vere aktuelt med litt større prosjekt i samarbeid med interessegrupper, organisasjonar og næringsliv i regionen. Siste semester inneheld åtte veker ekstern praksis i ei kommunikasjonsavdeling. Dette kan vere i offentleg forvaltning, i ein organisasjon, i ei bedrift eller i eit PR-byrå. Gjennom denne praksisen siste året får studentane eit unikt innblikk i profesjonen og høve til å knyte verdfulle kontaktar med tanke på vidare karriere.

 


       Har du fleire spørsmål?

 

Send ein e-post til  Jens Standal Groven.





      ANIMASJON 

       Kva yrke kan eg få når eg er ferdig utdanna?

 

Bachelorstudiet i animasjon opnar for ein karriere som animatør og illustratør innanfor nyheiter, informasjon, reklame og underhaldning. Tidligare studentar har blant anna vore med på produksjonar som Janus, Fanthomas, Sex og SingelSiv, Slipp Jimmy Fri, Trolljegerne, Tornehekken og Elias-filmane.

 


       Kva er kravet for å kome inn på animasjonsutdanninga?

 

For å søkje krev det at du har generell studiekompetanse og i tillegg arbeidsprøver (portefolie) der søkjarane må dokumentere evne i mellom anna frihandsteikning. Høgskulen vil orientere søkjarane om krava til arbeidsprøver i eige brev. Arbeidsprøvene vert vurderte av ein eigen fagkomité som kallar inn aktuelle søkjarar til opptaksintervju og -oppgåver i Volda. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng.

 


       Korleis fungerer praksisperiodane?

 

I 4. semester kan man velje 2 praktiske produksjonsemne, ha ekstern praksis eller utanlandsopphald. I 5. og 6. semester skal studentane produsere ein omfattande eksamensproduksjon med skriftlig produksjonsrapport/analyse. Det er også mulig å ha praksis i et animasjonsstudio. Skolen har gode kontaktar med bransjen både i inn- og utland.

 


       Har du fleire spørsmål?

 

Send ein e-post til Andres Mänd.





      DOKUMENTAR OG JOURNALISTIKK

       Kva yrke kan eg få når eg er ferdig utdanna?

 

Ein fullført mastergrad i dokumentar og journalistikk gjer deg kompetanse til å seinare arbeide med kritisk og undersøkjande journalistikk og dokumentarfilm.

 


       Kva er kravet for å komme inn på masterprogrammet i dokumentar og journalistikk?

 

For å søkje må du enten ha fullført 3 år høgare utdanning som inneheld 80 studiepoeng i journalistikk eller dokumentarfilmstudium, eller 3 år anna høgare utdanning og to år relevant yrkespraksis som journalist eller frå dokumentarfilmproduksjon.


       Har du fleire spørsmål?

 

Send ein e-post til Hans Martin Dypvik.



Sjå også skulen sine F.A.Q. for fleire spørsmål og svar.