«Kunnskap for framtida»

Møt ein student

Kva er det beste med å studere mediefag i Volda?

- Volda har eit kjempebra læringsmiljø og flotte studiner. Det er ein fantastisk moglegheit til å utvikle seg fagleg og sosialt i ein setting som er både utfordrande og motiverande. I tillegg er det flotte lokal og fri tilgang til alt ein ung journaliststudent måtte trenge i ei hektisk praksistid.    - Vi kjem alltid til å hugse studietida i Volda. Animasjonsutdanninga er eit veldig fritt studie, som gir deg friheit til å teste ut mange ulike teknikkar, slik at du sjølv kan finne ut kva du trivast best med.    - Volda har dei beste ressursane, og ein får tilgang til nokon av dei beste moglegheitane som Noreg kan tilby på høgskulenivå. I tillegg er det eit utruleg bra studentmiljø. Det at Volda er så lite gjer at ein blir veldig godt kjend med både medstudentar og lærarar.

- Det beste med å vere student i Volda er at det er eit stimulerande miljø her med mange kreative menneske og flinke lærarar. Sidan Volda er ein liten stad er det eit nært miljø og ein blir kjend med alle. I tillegg blir ein tvungen til å sjå nyheiter i alt, noko som gjer at ein blir flinkare ute i den store verda.    ­- Animasjonsutdanninga i Volda er veldig bra og gir deg mykje friheit. Ein har også tilgang til utruleg mykje bra utstyr. Volda har i tillegg eit veldig bra studiemiljø, med masse fine medstudentar. Eg kjem til å sakne tida mi her.    - Det beste med å studere PR i Volda er alt det praktiske arbeidet. I tillegg er det billeg å bu her og eit ekstremt høgt fagleg nivå. Volda er ein utruleg fin stad å vere, kor vi får stimulert våre kreative evner.