«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Produksjonar og praksis

Avdelinga har kvart år ei lang rekkje produksjonar og samproduksjonar mellom fagmiljø og saman med eksterne samarbeidspartnarar.

Drama:    

Dramamiljøet har to teaterproduksjonar kvar haust, både for vaksne og barn, der skuleklasser er særlig invitert. Kvar vår set ein også opp ein stor teaterproduksjon og fleire mindre gruppeproduksjonar.

I tillegg deltek fagmiljø og studentar i samproduksjonar knytt til musicals som Paradiset og Spellemann på taket.

 
Idrett og friluftsliv:    

Fagmiljøet i idrett og friluftsliv har ansvar for drift og vedlikehald av kystfriluftslivsbasen på Yksnøya, både  naust, båtar, telt og hamner, og legg også til rette for utleige av dette til barnehagar, skuleklasser, folkehøgskular og vidaregåande skular.

Kroppsøvingsstudentane har instruksjonspraksis heile året i skule og lag, og fagmiljøet tilbyr skuleklassar og barnehagar å vere med på prosjekt i regi av seksjonen både på høgskulen og andre stadar.

 

I tillegg arrangerer fagmiljøet ei lang rekkje turar som del av studia, turar knytt til sjøferdigheiter, skog, vinterfjell, skred, bre, ski og andre aktivitetar utgjer over 50 turdøgn i året.

 Formgiving, kunst og handverk:    

Formgiving, kunst og handverk har om lag 10 større og mindre produksjonsutstillingar i året – også i ulike offentlege rom.

Fagmiljøet har omkring 30 studentar ute i praksis i skular og i ulike kunst- og kulturformidlingsinstitusjonar i regionen kvart år.

 

I tillegg arrangerer fagmiljøet ekskursjonar og studieturar i inn- og utland, og allment open undervisning, kurs og seminarverksemd i skule og kulturliv.

Fagmiljøet samarbeider med kunstmuseet KUBE i Ålesund.

Musikk:  

 

  • Huskonsertar: 3 kvart semester
  • Store produksjonar med koret: 1 kvart semester
  • Store orkesterproduksjonar: 4 kvart år
  • Felles stor kyrkjekonsert før jul
  • Bachelorkonsertar: 2-4 kvart semester
  • Visingar estetiske fag: 5 kvart år
 

Fleire av lærarane dirigerer kor, korps og orkester. Det resulterer i 20-30 konsertar kvart år. Mange av studentane dirigerer korps og kor eller dei underviser på kulturskulen. Dei er også svært aktive i miljøet ved Rokken og andre konsertscener i nærmiljøet.

 

Medie- og kommunikasjonsteknologi:
   

Medie- og kommunikasjonsmiljøet ved avdelinga bidreg både til kompetanseheving internt og med utadretta verksemd gjennom FOU-arbeid innan bruk av digitale medier i skulen og i næringslivet.

Studentane har kvart år praksis i grunnskulen, dei lagar læringsressursar for skulemiljøa og og bidreg til ei rekke film-, foto- og ikt-prosjekt både i barnehagar, grunnskule og vidaregåande skule i regionen.
 
Studentane arbeider også med web-, multimedie- og grafiske produksjonar for skular og for næringslivet både regionalt og nasjonalt. I tillegg ligg miljøet langt framme på multimedie- og eventproduksjon, og produserer kvart år fleire større arrangement, som til dømes First Lego League-konkurransen for ungdom.