Idrett
BACHELOR IDRETT
Frå hausten 2013 kan vi tilby ei eiga bachelorgrad i idrett.
Som student ved Bachelor idrett får du vere med på spanande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, symjehall, treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium, og sunnmørsnaturen!
Gjennom studiet skal du tileigne deg kunnskap, haldningar og dugleik i idrett og kroppsøving. Det vert fokusert på fagleg verksemd både i skuleverket, i frivillige organisasjonar og ein omfattande fritidsarena. Idrettsemna er samansette av eit stort utval praktiske aktivitetar, teoretiske emne, labøvingar og analyser, og undervisnings-/instruksjonspraksis.
Salaktivitetar
Basketball, handball, dans og symjing
Trening
Styrketrening i studio
