«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Kjetil L. Høydal

Fagleg interessefelt:
Trening og fysisk aktivitet retta mot prestasjon i idrett, samt folkehelsearbeid med fokus på førebygging og rehabilitering av livsstilsrelaterte lidingar og syndrom. Feltet kan vidare utvidast til å omfatte fysisk aktivitet i førebygging av psykiske lidingar og rusproblematikk.

Tidlegare arbeid/publikasjonar:
Helgerud J, Høydal KL, Wang E, Karlsen T, Berg PR, Bjerkaas M, Simonsen T, Helgesen CS, Hjorth NL, Bach R, Hoff J. Aerobic High-Intensity Intervals Improve VO2max More Than Moderate Training. Med Sci Sports Exerc. 2007; 39: 665-71.

Høydal KL, Helgerud J, Karlsen T, Støylen A, Steinshamn S, Hoff J. Patients with coronary artery- or chronic obstructive pulmonary disease walk with mechanical inefficiency. Scand Cardiovasc J. 2007; 41: 405-410

Høydal KL. Effektar av uthaldstrening med høg aerob intensitet hjå friske og pasientar med kransarterie sjukdom; Viktigheita av intensitet, varigheit og frekvens ved uthaldstrening. Norsk Idrettsmedisin. 2009; 23: 28-31

Helgerud J, Karlsen T, Kim WY, Høydal KL, Støylen A, Pedersen H, Brix L, Ringgaard S, Kværness J, Hoff J. Interval and Strength Training in CAD Patients. Int J Sports Med. 2010 Nov 11. [Epub ahead of print]

Pågåande prosjekt:
1. Kan auka varigheit ved trening med låg intensitet kompensere for høg aerob intensitet med tanke på betring av aerob kapasitet?

2. Oppfølgingsstudie av prosjektet ovanfor på fysiologiske endringar etter eit år.

3. Kvalitativ undersøking av motivasjonsfaktorar for å halde fram med trening. Motivasjon, forventningar og subjektive opplevingar knytt til treningsintervensjon med ulik varigheit og intensitet.

4. Oppfølgingsstudie eit år etter av motivasjonsfaktorar for å halde fram med trening. Motivasjon, forventningar og subjektive opplevingar knytt til treningsintervensjon med ulik varigheit og intensitet.

5. Oversynsartikkel: Ei oppdatering på intensitet ved uthaldstrening dei siste 10 åra.