«Kunnskap for framtida»

Karen Brænne

"Mellom ord og handling. Om verdsetjing i kunst- og handverksfaget"


Karen Brænne, førsteamanuensis ved Avdeling for kulturfag, disputerte for PhD-graden ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) i desember 2009 med avhandlinga "Mellom ord og handling. Om verdsetjing i kunst- og handverksfaget".

Karen Brænne har hovudfag i forming frå Høgskolen i Oslo. Ho har fleire års undervisningserfaring frå allmennlærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, og ho arbeider no ved Seksjon for kunst og handverk.

Omtale av avhandlinga:

Med ein case frå norsk allmennlærarutdanning som kjeldegrunnlag gjev denne avhandlinga innsikt i korleis lærarar og studentar verdset ulike sider ved den skapande verksemda. Verdsetjingskonstruksjonane vert drøfta ut frå sosiale og historiske føresetnader. Fleire former for ambivalensar vert synlege i empirien, der tilhøve mellom intensjonar og praktisering – tilhøve mellom ord og handling, er eit kjernepunkt. Originalitets- og autensitetsimperativet pregar intensjonane, medan praktiseringa speglar felles konvensjonar: studentarbeida viser tydlege referansar til konkretiseringar frå lærarhald, og har også internt slektskap.

Eit anna hovudmoment ved drøftinga vert omtalt som Individualismetendensen. Gjennom ein historisk inngang belyser teksten korleis fleire røyster held på eit individ-frigjeringsprosjekt, som har røter attende til byrjinga av 1900-talet. Opposisjonen til eit kollektivt og lite humant disiplineringsideal var stor. Spørsmålet vert kor lenge ein slik opposisjon skal vare, og om andre opprør vert nødvendige ettersom den opphavlege opposisjonen vert til nye ideologiske prosjekt og vedtekne sanningar.