«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Drama og teater

VELKOMEN SOM STUDENT VED DRAMA OG TEATER I VOLDA

Som student i Volda får du ei solid og allsidig drama og teaterutdanning i eit godt og svært aktivt fagleg miljø.

Vi tilbyr ein unik kombinasjon av praktisk skodespelartrening, teoretisk/akademisk utdanning og ei fagdidaktisk innføring som vil gje deg eit solid grunnlag for vidare arbeid innan kulturlivet eller skule/kulturskule. Vi har 2 teatersalar, kostymerom og maskerom som er døgnopne.

Hos oss møter du mange ulike fagområde:

  • Skodespelarteknikk og regi
  • Barnetater og Estetiske lærarprosessar
  • Anvendt og Devised theatre
  • Dramaturgi og teaterhistorie
  • Kortfilmproduksjon

Drama og teaterseksjonen har dyktige fagfolk innan teaterteori, regi, skodespelarteknikk, anvendt teater og dramapedagogikk, og fleire av oss er utøvande i faget.

Ved drama og teater møter du også eit aktivt studentmiljø der du mellom anna kan vere med i studentrevy, studentteater, audition-gruppe, teatersport-gruppe eller Volda Voksne Amatørteater.

Vi utdannar også førskulelærarar og har kurs for grunnskulelærarar, barnevernspedagogar, sosialarbeidarar, m.fl.

Kontaktperson:

Sigrun Meisingset, E-post: sme@hivolda.no Tlf: 70 07 53 34/930 69 464
eller
Vibeke Preus Bech, E-post: vibekepb@hivolda.no Tlf: 70 07 52 54/938 73 976

Les meir om tilboda til drama og teater i emne- og studieplanane

BLI KJEND MED DEI TILSETTE PÅ SEKSJONEN

MØT EIN STUDENT

Besøk Drama og teater på Facebook!