Svein Arnesen
Svein finn du ved seksjon for medie- og kommunikasjonsteknologi.
Han utdanna seg ved EDB- linja på Bergen ingeniørhøgskole. Vidare studerte han pedagogikk grunnfag og pedagogisk seminar her ved Volda lærarhøgskule (no Høgskulen i Volda).
Svein har vore IT- leiar ved Høgskulen i Volda. Tidlegare arbeidserfaring har han frå Rieber & Søn i Bergen, med ansvar for utvikling av nye datasystem. Han har undervist i vidaregåande skule.
God undervisning, og å bidra til å skape eit godt sosialt miljø blant studentane er viktige faglege siktemål for Svein.
På fritida trakterer Svein gjerne toradaren eller tar seg ein svingom på dansegolvet. Han syng i mannskor, og er glad i å stelle med hus og hage.
Svein er samfunnsengasjert og opptatt av at svake grupper i samfunnet skal få eit godt liv. Han er med og organiserer og gjennomfører ulike fritidstilbod for utviklingshemma.
