Reidun Åslid Bjørlykke
Reidun finn du ved seksjon for musikk. Ho er cand.philol. med kompetanse som førstelektor i musikk.
Tidlegare har Reidun arbeidd som øvingslærar og musikklærar i barneskule, og også noko arbeid i kulturskule og vidaregåande skule.
Musikkpedagogikk har vore hennar fagfelt i forsking, formidling og undervisning dei seinare åra.
På fritida er det familie, konsertar og fjellturar som har høgst prioritet.
