«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Øyvind Johan Eiksund

Øyvind EiksundØyvind arbeider ved seksjon for musikk. Han har studert musikk her ved høgskulen, før han drog til Bergen der han studerte fiolin, song og kontrapunkt på Griegakademiet.

Han studerte også litteratur og filosofi, før han gjennomførte mastergrad i musikkvitskap i Trondheim.

Øyvind har hatt småstillingar i kulturskule, som kordirigent og tar mindre oppdrag som songar og fiolinist.

No er ringen slutta og han er tilbake på Høgskulen i Volda som stipendiat i musikk, der han skriv om korkultur på søre Sunnmøre.

På den faglege fronten brenn Øyvind kanskje ekstra for dei klassiske musikkfaga, ved sidan av korsongen.

På fritida likar Øyvind å vere med familien og tilbringe tid saman med Rut Maria. I tillegg vert det mykje synging, fiolinspel og fotballsparking.

Øyvind syns det er kjekt å vere tilbake i Volda att, og veldig spennande å sjå heimeregionen med forskarbrillene på.

Han vonar han kan fullføre eit forskingsprosjekt som kan tilføre noko både til folk her i regionen, samt til eit breiare vitskapleg miljø.

Kontaktinformasjon
Øyvind Johan Eiksund