Magnar Åm
Magnar held til på seksjon for musikk, og er professor II.
Komposisjonsstudiane har han gjennomført hos Ketil Hvoslef ved Bergens musikkonservatorium, og hos Ingvar Lidholm ved Kungliga musikhögskolan i Stockholm.
Han har også Kantoreksamen frå Bergens musikkonservatorium (no Griegakademiet).
I tillegg til å jobbe på Høgskulen er han heiltidskomponist, og har vore det sidan 1975.
Magnar brenn for utviding av medvitet, både hos seg sjølv, hos medmenneske og medskapningar.
Han lager ofte instrumenta han treng, viss dei ikkje finst frå før. Eitt av desse er Bjørkebjøllene, spikka i Volda.
Når han spelar på dei, høyrer vi lyden av skogen her oppe, som han er veldig glad i.
