«Kunnskap for framtida»

Elizabeth Oltedal

 

Elizabeth er bachelorkoordinator og førstelektor ved seksjon for musikk.

Ho har utdanning i musikk og musikkpedagogikk frå University of Durham og University of London Institute of Education, og hovudfag i korleiing frå Norges musikkhøgskole.
 
Ho har undervisningserfaring m.a. frå internasjonale skular i Dubai, og frå ulike skular og musikkskular i Sogn og Fjordane.

Før ho kom til Volda i 2008 underviste ho i ni år ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
 
Elizabeth føler seg privilegert som får jobbe med noko ho brenn for. Det å høyre på musikk eller ta del i musikkutøving har stor verdi for dei aller fleste.

Ho meiner det er viktig at lærarar er fagleg dyktige og kan leggje til rette for gode opplevingar gjennom musikkfaget. Barn skal ha rom til å utfalde seg musikalsk både i skulekvardagen og på fritida.
 
Når ho ikkje er på høgskulen er Elizabeth ofte å finne bak eit piano eller framfor eit kor. Elles er det å reise og oppdage nye stadar ein høgt prioritert fritidssysle.

Kontaktinformasjon
Elizabeth Oltedal