Elisabeth Innselset
Elisabeth finn du på seksjon for idrett og friluftsliv. I fagkretsen sin har ho årsstudium pedagogikk, årsstudium historie, praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og hovudfag idrett.
Av relevant jobberfaring har Elisabeth undervist både på ungdomstrinnet og på idrettslinje i vidaregåande skule. Ho er også aktiv, og har fleire års erfaring innan treningssenterbransjen som treningsinstruktør; spinning styrketrening, step m.m.
Fagleg er ho glødande interessert i fysisk aktivitet – både i teori og praksis. Meir spesifikt kan ein nemne helse- og treningsvanar blant ungdom, spiseforstyrringar, megareksi, fagdidaktikk i idrett/kroppsøving, idrettspsykologi, treningslære, ernæring, doping, dans og handball som kompetansefelt.
Interesser på fritida: Allsidig og variert trening. Elles er Elisabeth glad i friluftsliv både sommar og vinter, samt aktivitetar saman med familie og vener.
Treningstips: Den beste treninga er den det blir noko av!
