Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Eli-Karin er høgskulelektor ved seksjon for idrett og friluftsliv. Ho har hovudfag i kroppsøvings- og idrettspedagogikk frå Norges idrettshøgskole.
Fagleg brenn ho for det å leggje til rette for aktivitetsglede, mestring og læring gjennom allsidig fysisk aktivitet for barn og unge uansett føresetnadar.
Fag ho underviser i er mellom anna kroppsøvings- og idrettspedagogikk, fagdidaktikk, turn, fotball, dans, balltilvenning og -leik, fysisk fostring i førskulelærarutdanninga og tilpassa opplæring.
Eli-Karin er svært oppteken av Spenningskurset, som er eit årleg spenningsorientert vinterfriluftslivsarrangement for barn, unge og eldre med ulike hjelpebehov.
På fritida likar Eli-Karin godt å gå på tur i fjellet, spele fotball på Volda damelag, jogge og trene styrke. Elles vil ho bruke tid på vere saman med familie og vener.
Leveregel: «Den dagen du sluttar å leike blir du gamal»
Kontaktinformasjon
Eli-Karin Sjåstad Åsebø
