Å skape meining
Å skape meining
– Nytt masteremne ved Avdeling for kulturfag
Å skape meining er eit emne på mastergradsnivå der ein får arbeide skapande med sitt eige fagfelt i ei samhandling med studentar frå andre praktiske og estetiske fag.
Arbeidet munnar ut i kunstnarlege fellesproduksjonar, til dømes ein musikkvideo eller ei sceneframsyning. Emnet bidrar til refleksjon omkring det å skape meining både i kunsten og i livet.
Å skape meining kan takast som vidareutdanning på masternivå eller som valemne i masterstudiet Meistring og myndiggjering ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Ein kan og søkje opptak etter realkompetanse.
Les meir i studiekatalogen og send søknad
15 studiepoeng
Studiestart: Hausten 2012
Løpande opptak
Emnensvarleg: Magnar Åm magnara@hivolda.no|913 85 953
Foto: Dag Jansson www.voxhumana.no
MEIR OM STUDIET
Studiet er lagt opp som eit deltidstilbod og organisert i tre vekesamlingar i haustsemesteret.
Studiet er ei veksling mellom praktisk, kreativ oppgåveløysing i grupper, førelesingar, diskusjonar, pensumlesing og refleksjonsskriving.
Kvar student vel seg ei fordjupingsretning ut frå sin bachelor-, master- eller yrkesbakgrunn, og har dette som sitt utgangspunkt i samvirkinga med dei andre studentane under det skapande gruppearbeidet.
I fordjupingsretninga ein har valt vil ein få individuell rettleiing frå spesiell fagperson. Fordjupingsretningane som blir tilbodne er desse:
•Fritonal komposisjon/improvisasjon
•Musikkterapi
•Devising Theatre / Frå assosiasjon til form
•Performativ livsforteljing
•Digital forteljing
•From Script to Screen
•Eksperimentell animasjon
•Romkunst / Bildande handling
•Rørsle som skapande impuls
•Poetisk, narrativ og reflekterande skriving
I dei praktiske gruppeoppgåvene skaper ein kunstnarlege fellesproduksjonar som til dømes ein video, ei stadspesifikk hending, ei framsyning eller ein performance saman.Gruppene blir sett saman så tverrfagleg som råd.
I ein slik skapande gruppeprosess bygger ein lag på lag av detaljar som kvar og ein har si meining, sin grunn, i forholdet sitt til dei andre detaljane i produktet. Slike meiningssamanhengar kan ein basere på kunnskap om kva som har fungert for andre, men i dette studiet er målet å bruke intuisjonen sin for sjølv å kjenne etter kva som trengst til ei kvar tid.
Intuisjonen er då forstått som evna til i ein kvar ny situasjon å sjå all bevisst og ubevisst tilgjengeleg informasjon under eitt, og i den summen oppfatte ein samanheng (eller mangel på samanheng), ein essens (eller mangel på essens), ei meining (eller mangel på meining).
Med sitt fokus på å kombinere ulike element blir difor intuisjonen ein viktig reiskap i alt kreativt arbeid, både i tverrkulturfaglege prosjekt og i det å fylle kvardagen sin med ei oppleving av meining.
Slik intuitiv problemforståing og –løysing, føreset trening, enten det er snakk om å få eit kulturprodukt til å fungere optimalt eller det er snakk om å få ein sosial samanheng til å fungere best muleg. Ein viktig del av den treninga fokuserer på evna til innleving i andre sin situasjon.
Studiet «Å skape meining» vil gi rettleiing og praksis i å utvikle den kulturelle og sosiale innlevinga og intuisjonen gjennom kreativt gruppearbeid, der ein stadig må balansere eigne behov med andres behov.
Studiet vil også utforske korleis intuitivt skapande arbeid kan påverke eins oppleving av samanheng i livet generelt, ved at ein blir utfordra til å bruke intuisjonen i utvikling av holdninga til medmenneske og medskapningar, og i løysinga av sosiale og personlege vanskar ein måtte møte på.
FORELESARAR OG RETTLEIARAR
Forfattar og professor Jan Inge Sørbø, HVO, Avdeling for helse- og sosialfag:
1) Gadamers Hermeneutikken (heilskap, kva vil det seie å forstå)
2) Adornos forsvar for modernismen (heilskap finst ikkje)
3) Normalitetsbegrepet i medisinen og i kunsten
Psykolog og professor Tor-Johan Ekeland, HVO, Avdeling for helse- og sosialfag:
Meining som medisin
Forfattar og dosent Jan Ove Ulstein, HVO, Avdeling for religion, livssyn og kyrkjefag:
Skapande skriving
Førstelektor Lila Marie Moberg, Avdeling for kulturfag, seksjon for medie- og kommunikasjonsteknologi:
1) Forholdet mellom mennesket og maskinen
2) Bildeforteljing
3) Videodokumentasjon av prosessane undervegs
Førstelektor Sigrun Meisingset, HVO, Avdeling for kulturfag, seksjon for drama og teater:
1) Frå assosiasjon til form (Devising theater)
2) Meining på spel
Førsteamanuensis Gunnar Strøm, HVO, Avdeling for mediefag, animasjonsutdanninga:
Den etablerte filmforma og brota med den
Filmskapar Jan Otto Ertresvåg
Eksperimentell animasjon
Førsteamanuensis Wenche Torrissen, HVO, Avdeling for kulturfag, seksjon for drama og teater:
Helseperspektivet (kva skal til for å vere ved full helse)
Musikkterapeut og høgskulelektor Øystein Salhus, HVO, Avdeling for kulturfag, seksjon for musikk:
Musikkterapi
Scenekunstnar og førstelektor Karstein Solli, Seanse og Skolen for samtidsdans:
1) Kroppens spor (rørsle som skapande impuls)
2) Gruppe kontra individ
Biletkunstnar Marit Moltu
Romkunst / Bildande handling
Høgskulelektor Dag Roland, HVO, Avdeling for kulturfag, sekjson for medie- og kommunikasjonsteknologi:
From script to screeen
Høgskulelektor Marit Ulvund, HVO, Avdeling for kulturfag, seksjon for drama og teater:
Performativ livsforteljing
Komponist og professor Magnar Åm, HVO, Avdeling for kulturfag, seksjon for musikk
1) Intuitiv skaping og meiningssøking
2) Fritonal komposisjon / Improvisasjon
