«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Mastergrad i nynorsk skriftkultur


Studiet tek opp skriftkulturen allment og bruker det nynorske som eksempel på korleis menneska har forma skrifta, og på korleis skrifta har forma dei. Du kan ta studiet på heiltid eller på deltid. HVO er den einaste institusjonen i landet som tilbyr eit mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur. Forskingssenter for skriftkultur har knutepunktfunksjonen for nynorsk skriftkultur i Noregs-nettet. Dette nasjonale og internasjonale ansvaret tek vi på alvor. Dei som studerer hos oss, vil møte undervisarar og rettleiarar frå fleire fagmiljø i Volda, og frå andre institusjonar i inn- og utland. Forskingssenter for skriftkultur legg vinn på å skipe til forskarseminar og andre fagmøte på høgt internasjonalt nivå. Som mastergradsstudent her vil du gå inn i eit aktivt og kreativt miljø, som er lite nok til at du vil kunne setje ditt stempel på det, du òg.

Kva vil vi med mastergraden i nynorsk skriftkultur?

Vi vil at studentane våre skal få eit grundig, tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, korleis skrift og kultur er uløyseleg knytte saman.

Den nynorske skriftkulturen er både normal og annleis. Her bruker vi han som innfallsport til den generelle refleksjonen omkring skriftkulturen. Den nynorske skriftkulturen er i særleg høg grad knytt til moderniteten, og moderniseringsperspektivet står sentralt i heile studiet. Altså: Korleis har skrifta vore med og forma vilkåra for menneska i den tida der det å kunne skrive og lese skrift har vore føresetnaden for å delta som fullverdig medlem i samfunnet? Kva er det som skil denne tida frå tida før skrifta? Er vi på veg mot ei ny tid der skrifta sine teikn ikkje lenger har så mykje å seie? Eller er det hyperkommuniserande elektroniske samfunnet tvert imot meir avhengig av skrifta enn nokon gong?

Og kva skjer med språka i den nye tida, dei gamle morsmåla som mødrene snakka og sønene skreiv ned, kva skjer med nynorsken? Og kva bør skje med han? Korleis skal ein få formidla han til meir eller mindre velvillige skuleelevar? Det er slike spørsmål, og fleire med, som vi stiller på dette studiet.

Eit tverrfagleg kulturstudium

Studiet av nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium.

Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Vi bruker ulike fagdisiplinar. Det kan vere språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Ved å bruke desse disiplinane vil studentane også få innsikt i kva som karakteriserer deira måte å gripe verkelegheita på. Kultur handlar om korleis menneska vert danna som sosiale individ i ulike fellesskapar. Det å lære og å bruke eit språk er ein sentral del av denne danningsprosessen. Skriftspråket gjer visse kulturtradisjonar tilgjengelege for oss, og innvier oss i dei. Når vi sjølve bruker skriftspråket, vert vi aktørar i skriftkulturen. Såleis er vi med på å forme han.

Eit komparativt studium

Mastergraden i nynorsk skriftkultur er eit komparativt studium.

Dei meiningsberande elementa i den nynorske skriftkulturen vert først synlege i eit samanliknande perspektiv – når dei vert relaterte til andre skriftkulturar. Det komparative perspektivet viser også kva som er allmenne trekk ved skrifta, og kva som er spesifikt for nynorsken. Det tverrfaglege og det komparative går hand i hand. Ein får eit nytt blikk på stoffet ved å sjå det ut frå fleire fagtradisjonar samtidig.

Mastergraden i nynorsk skriftkultur er ei to-årig utdanning (120 studiepoeng). Du må ha utdanning på bachelornivå eller tilsvarande for å byrje på studiet.